Forskingsdagane 2024

Tre dagar med helse som tema

20.-22. september 2024

 
 

Me har alle helse!

Det er forskningsdagar og i år markerer Forskningsdagane 30 år. Det vert markert med eit tema som engasjerer alle, nemleg helse. Under Forskningsrådet si nasjonale forskningsfestival, vert det held arrangement landet rundt, som sørgjer for at folk får møte forskere. Det blir gøy, overraskande, sosialt og lærerikt. Ta med deg vener og familie. Velkomne skal de vere!


Program

Fredag 20. september - dagtid

Kl. 10-12: gratis føredrag med Rask psykisk helsehjelp og Frisklivsentralen: “Balansekunst - korleis ivareta seg sjølv i ein hektisk kvardag”.

Arrangementet er ope for alle frå og med 10. klasse.


Fredag 20. september - kveldstid

19:00-23:00

Denne kvelden byr me på quiz med helse som den raude tråden, og mellom omgangane får du oppleve vitenstafett med korte, spennande innlegg om ulike helserelaterte tema, frå Helsestasjon, fylkeskommunen, HVL, Luster kommune, Vestlandsforsking og sjølvsagt ViteMeir. Me lovar aha-opplevingar!


Det vil vere mogleg å kjøpe både mat og noko godt i glaset gjennom kvelden.


Dørane opnar kl. 18.30.

Quiz oppstart kl. 19.00.

Vitenstafett kl. 19.45.

Andre omgang av quiz etter vitenstafetten.


Pris: 100 kr per person

Maks åtte personar per quizlag. Det er mogleg å få med seg vitenstafetten utan å vere med på quiz for dei som ønskjer det.

Meld deg på her.


Laurdag 21. og søndag 22. september

10:00-17:00

  • Restaurant og matfag ved Sogndal vgs lagar mat saman med deg i SmaksLaben (kl. 11, 12, 13 og 14)

  • Test kva blodtype du har

  • Mål pulsen din før og etter du gjennomfører ei hinderløype

  • Prøv spelet “Redd naboen din!” i VR

  • Rask psykisk helsehjelp vil demonstrere bruk av VR i behandling av angst (berre laurdag, kl. 10-14)

Sogn Sparebank sponsar gratis inngang til senteret både laurdag og søndag.