Julebord og julecatering 2024

Vi tilbyr nydeleg, heimelaga julemat i stemningsfulle omgjevnadar. Vi tilbyr òg catering med levering.

Legg årets julebord til ViteMeir

Vi tek gjerne imot bedrifta, vennelaget eller berre gjengen din. Du vil få ein koseleg velkomst med gløgg i peparkakebygda i 3. etasje (frå laurdag 16. november), før middag serverast i restauranten vår SmakeMeir i 1. etasje. Her kan du velge mellom julebuffet eller juletapas. Ønskjer du i tillegg teambuilding, quiz, matkurs eller eit møterom, hjelper vi deg gjerne med det. Vi har skjenkeløyve til øl og vin.

Skal du arrangere julebord ein annan plass? Vi leverer gjerne mat til gjestane (catering). Minimumsbestilling for catering er 10 personar.

Bestill ved å ringje 908 43 828 eller sende ein e-post: post@vitemeir.no

Minimumsbestilling for julebord er 25 personar, unntatt laurdag 30. november. Då det er open julebuffet med moglegheit for bestilling til mindre lag.

 

Julemeny 2024

Vel mellom julebuffet og juletapas. Alle menyane har to prisar, ein for servering hjå oss i SmakeMeir og ein om du ønskjer å få levert cateringmat.

Bestill via telefon 908 43 828 eller e-post post@vitemeir.no

 
 
 
 
unsplash-image-SUTfFCAHV_A.jpg

Allergen:

 

1. Kornslag som inneheld gluten: a) Kveitemjøl b) Rug c)Bygg d) Havre e) Spelt f)Korasankveite.

2. Skalldyr

3. Egg

4. Fisk

5. Peanøtter

6. Soya

7. Melk

8. Nøtter: a) Hassel b) Mandler c) Valnøtter d) Kasjun e) Pekan f) Pistasj g) Paranøtter h)Makademianøtter

9. Selleri

10. Sennep

11. Sesamfrø

12. Svoveldioksid og sulfitter

13. Lupin

14. Bløtdyr