Møterom
ViteMeir er meir enn eit vitensenter og kan by på eit godt utval av møteromsfasilitetar frå 1 til 100 personar.
Kontakt Heidi Breili Bøthun for spørsmål og bestilling:
hbb@vitemeir.no | +47 970 99 452
Eit godt tips, om du har eit møte hjå oss, er å bestille dagplass på FUS ViteMeir. Då får du nytta arbeidsdagen best mogleg, og du kan bygge nettverk med dei andre som sitter der.
Vitenskapet
Det minste møterommet vårt har ein lun og flott atmosfære med kapasitet til 8 personar og alle tekniske fasilitetar du har behov for. Møterommet er lokalisert i kontorfellesskapet FUS Kaupanger.
Verdsrommet
Styrerommet vårt er lokalisert i kontorfellesskapet på FUS Kaupanger og har kapasitet til 20 personar. Møterommet er utstyrt med kamera og lydutgjevning slik at du kan gjennomføra profesjonelle digitale møter.
Auditorium
I første etasje har me eit auditorium med kapasitet til 91 personar, der 8 plassar er tilpassa rullestol. Me kan tilrettelegge for inn til to ekstra stolradar på golvet og slik auke kapasiteten til rundt 120 sitjeplassar. Auditoriet har projektor, god lyd og er perfekt for allmøter, mellomstore konferansar og ikkje minst show og foredrag.
Kursklasserom
Me kan tilby eit godt utstyrt klasserom og møterom for 35 personar i klasseromsoppsett.
-
Sjølvsagt— alt frå kaffi til lunsj og møteromsnacks, SmakeMeir fiksar det du ønskjer til møtedagen. Ta kontakt for å få tilbod på møterom og servering.
-
Om du skal arrangere konfirmasjon, bursdag eller eit anna arrangement kan du sjølvsagt få leige eit passande lokale på ViteMeir. Me tilbyr oppsett av bord, dukar og servering i tillegg til sjølve rommet. Ta kontakt for eit uforpliktende tilbod.
-
Kanskje du vil tilføre møtedagen noko ekstra med teambuilding, eller ta med deg kollegaer på ein heilaften med matkurs og middag— me kan tilpasse aktivitet ut i frå ønskjer og me gjer alltid vårt beste for at møtet/arrangementet skal bli ein suksess.