Søndag 7. mai, 15.00, kjem kunstnaren Kurt Johannessen på besøk til ViteMeir! Han har sett krona på verket med kunstverk i fleire deler av bygget. Dette vil han fortelje om i tillegg til å halde performance stykket “Om sjokoladekaka”.
Gratis inngang.
Kvar: Auditoriet
Tid: ca. 45 min.
Kurt Johannessen (f.1960) arbeider med performance, bøker, video, teikning, grafikk og installasjon. Han vist sine performancer i Europa, Asia og Amerika sidan tidleg på 80-talet. Desse inneheld ofte eit poetisk og minimalistisk uttrykk. Han har hatt utstillingar fleire stader i Noreg, mellom anna i Bergen Kunstmuseum og Kunstnernes Hus (2007) og i Kunstnerforbundet (2016). Han gir ut artists books på eige forlag. Bøkene er tekstrelaterte, eller har visuelle kvalitetar. Tekstarbeida er ofte korte visuelle, poetiske, og til tider humoristiske fortelljingar. Johannessen har produsert over 100 bøker. Sidan 2013 har mange av bøkene (Om-noko) vore grunnlag for ein serie performanceføredrag. Desse bøkene ligg i kryssingspunktet mellom filosofi/biletkunst/poesi/vitskap. I 2019 produserte han utstillinga «Om lag 100 bøker – 1984-2019». Utstillinga vart først vist i Kunstbanken i Hamar og har seinare blitt vist fem andre stader.
Performanceføredraget “Om sjokoladekake” er basert på boka “Om sjokoladekake”. Boka er den 16. boka i serien Om-noko, der Kurt Johannessen undersøker ulike aspekt omkring det som er. “Om sjokoladekake” har vakse ut frå “Om tida si oppgåve” (2017), som tok føre seg korleis altet har endra seg fram til om lag no, og korleis altet vil endra seg i framtidige notider.
Den same forteljinga finn ein i “Om sjokoladekake”, men her er sjokoladekaka sentrum. Tida før sjokoladekake, sjokoladekaka sitt nullpunkt og tida med sjokoladekake blir presentert. Korleis kom sjokoladekaka inn i tida og altet, og kva planer har den for framtidige notider? Dette og mykje anna sjokoladekakeeksistensialisme vil bli presentert i dette performanceforedraget.
Heimesida og meir info om foredraget/kunstnaren finn du her: