Laurdag 7. og søndag 8. desember er du velkomen til julegensartrykking. 👕🎄 Me har (takka vere NTP) fått tak i masse fine juletrykk slik at du kan oppdatere ein kjedeleg gensar i skåpet ditt, og lage deg ein ny stygg-fin julegensar! I tillegg til trykking blir det mogleg å sy på anna forskjellig pynt. Det viktigaste er at du tek med deg det du ønskjer å trykke på sjølv!
Ps. Det bør vera klesplagg med nokonlunde glatt overflate, strikkegensarar ect. egnar seg dårlig til trykk.
Og du, hugs eksperimentshow i auditoriet kvar laurdag og søndag kokka 14:30!