Tilbake til alle arrangementer

Fiks treningskleda dine

I berekrafta si ånd ønskjer me å ha to dagar der du kan få fiksa treningskleda dine.

  • Lapp hol i den svarte treningsbuksa/tightsen din

  • Sy der det trengs med symaskin (du må kunne handtere ei symaskin)

  • Blir det mange like klede og vanskeleg å vite kva som høyrer til kven? Bruk sjansen denne helga og trykk på intitialar på plagga

  • KIL har fått ny hovudsponsor. ViteMeir meiner at det er for gale om alle plagg med tidlegare logo ikkje lenger skal kunne brukast berre på grunn av det. Denne helga kan du derfor gi plagga nytt liv ved å få på plass ny logo.

Pga. materiale og utstyr så vil det vera ein kostnad på 50 kr for eitt plagg eller 100 kr for tre.

Me tek forbehald om at materiale og utstyr kan gå tomt.

Og ikkje gløym eksperimentshow i auditoriet klokka 14.30 kvar laurdag og søndag!

Tidligere arrangement: 21. august
Eksperimentonsdag
Senere arrangement: 25. august
Fiks treningskleda dine