Reiseleiar til nye smaksunivers
Før Lars Haugen Aardal frå Leikanger skreiv masteroppgåve om sild og fekk lærarjobb i Bergen, var han veldig usikker på om han skulle bli kokk eller kjemikar. No får han brukt kunnskapane sine og utforska tema han brenn for, som ansvarleg for utviklinga av eit smakslaboratorium på det komande ViteMeir-senteret.
Han kan mykje om sensorikkforsking og kjemi, men på eit smakslaboratorium handlar opplevinga alt anna enn turre tal og formlar. Sjølv har han nokre favorittkombinasjonar han gler seg til å dele med andre.
– Lakris og laks! Majones og banan. Yngsteguten min elskar brunost og kaviar, seier han. Målet er å inspirera folk til å prøve seg fram, gjera mat til ei stor glede i kvardagen utforske korleis vi opplever verda gjennom smakssans og luktesans. Korleis snakkar vi om smak? Kva ord finst? Kva skjer når vi blandar ulike smakar?
"Luktoskop"
Og kvifor smakar nyplukka eple frå Sogn heilt annarleis enn eple som har reist langt?
– SmaksLab vil jo gjerne visa fram at smaksopplevinga også kan bli prega av at ein får kjennskap til kvar og korleis eplet er dyrka. Det er meir enn sjølve smakskjemien som gjer at det smakar betre, særleg når vi har ei god historie eller gode minner knytt til eplet, seier han. Det er verkeleg heile nye univers som opnar seg i ein SmaksLab.
– Sjå for deg eit "luktoskop" som kan gjenskape lukter for ulike matvarer - lukta av gul gravenstein, fersk kantarell eller hjortegryta til bestefar. Med kjennskap til kjemien bak lukt og smak i tillegg til høgteknologisk utstyr er det mogleg å få til noko slikt, seier han.
Frå tradisjon til inspirasjon
Berekraft er viktig for ViteMeir-senteret, også i utviklinga av SmaksLaben. Då er lokalt engasjement frå leverandørar viktig. Lerum fabrikkar har allereie gått inn som sponsor. Prosjektleiar ved ViteMeir, Marianne Jevnaker, kallar Trine Lerum ei "gudmor" for sjølve idéen om eit smakslaboratorium, etter ei samling med idémyldring i fjor.
– Veldig hyggeleg! Men vi var nok fleire som tenkte same tanken, seier den administrerande direktøren i Lerum-konsernet. Ho er svært entusiastisk på vegne av prosjektet SmaksLab.
– Med dei tradisjonane vi har for mat og drikke i denne regionen, så må vi jo ha smaks-laboratorium! Alle vi som driv med produksjon og sal av mat og drikke lokalt bør bidra, seier ho. Lerum-konsernet er mellom dei som har støtta ViteMeir frå starten, gjennom ein samarbeidsavtale. Men SmaksLab skal ikkje handle om å teste eller finne kommersielle nyvinningar for nokon særskild produsent.
Gåve til reiselivet
– Vi har eigne laboratorium for produktutvikling. Poenget med SmaksLab for oss er å bidra til å skape interesse for matfag og ernæringsfag, vi har mykje å tene på at barn og unge får inspirasjon som kan styrka rekrutteringa til matfagleg utdanning. Slik vil Lerum som bedrift nyte godt av prosjektet på sikt, seier direktøren. Ho meinar likevel at i tillegg til lokale matprodusentar er det er reiselivsnæringa som har mest å vinne på etableringa av SmaksLab.
– Det er slik inspirasjon i ung alder som skaper framtidas kokkar. Samstundes veit vi at matopplevingar er øvst på lista over kva mange turistar ønskjer seg, seier Lerum, som dermed gir reiselivet ei utfordring om å bidra vidare.
Sterkt lag
Mange andre gode krefter er også engasjert i utviklinga av SmaksLab. Kristin Sætherdal Myhra og Eskil Norne Kveim jobbar ved lærarutdanninga hjå HVL skal lage læringsmål knytta til dei faglege satsingsområda ved ViteMeir og forankre desse i kommande nye læreplanar fra hausten 2020. Svein Anders Dahl, pensjonert direktør for VilVite i Bergen, er knytta til prosjektet som vitensenterfagleg rådgjevar. Stein Joar Hegland ved HVL har vore sterkt involvert i innhaldsarbeidet og har mellom anna utarbeida rapporten Idegrunnlag for ViteMeir. Fagleg profil og ideskisser for innhald. Fleire fagmiljø ved HVL er involvert i arbeidet med utgreiing av ulike idéskisser, til dømes SEFAL, ulike fakultet og institutt innan idrett, geologi og fornybar energi. Vestlandforsking har også oppretta ei eiga arbeidsgruppe av forskarar som skal bidra med utvikling av faginnhald.