Inspirerer og gratulerer

Andreas Wahl gjer naturvitskap moro og forståeleg for alle.

Andreas Wahl er fysikar, vitskapsformidlar og programleiar. Andreas har risikert livet for vitskapen i Med livet som innsats (NRK), freisa å opplyse folket gjennom Folkeopplysningen (NRK), skrive fire populærvitenskaplege bøker, eit læreverk i naturfag (NOVA, CapellenDamm) og vunne noregsmeisterskapet i morellsteinspytting fire gonger. I tillegg har Andreas turnert landet med sine vitenshow, sist med forestillinga Elektrisk.

Andreas Wahl har vore ein av mange inspiratorar i arbeidet med planlegginga av ViteMeir. Han har mange gode ord å dele når senteret no har fått klarsignal for bygging.

– Eg har jo følgt med i kulissane, høyrt om prosjekta. Veldig kult at de er i gang, dette blir spanande, seier han i sin helsingsvideo til ViteMeir.

Prosjektleiar Marianne Jevnaker deltok i haust på seminaret Naturfagshelter, der Andreas Wahl samla pedagogar og andre til naturfagsformidling litt «utanfor boksen». Eit vitensenter skal jo ikkje tilby tradisjonell klasseromsundervisning, her er fokus på alternative læringsmetodar innan naturfag.

– Særs relevant og lærerikt, seier Jevnaker, som fortel om eksperiment med smak, mykje pyro, potetkanon i praksis og mange spennande kjemiøvingar. Viktig inspirasjon som vi no tek med oss i det vidare arbeidet med innhaldsutviklinga ved senteret.

Foto av Andreas Wahl: Studio Expose/Linda Varpe-Karlsen

Gasta Design