ViteMeir byr på ferske smakebitar

Ny 3D profilskisse 4b bygg.JPG

Vestland fylkeskommune som byggherre presenterer denne veka vinnaren av arkitektkonkurransen og gir klarsignal til første spadestikk på Kaupanger. Då kan prosjektleiar Marianne Jevnaker i ViteMeir også avsløre litt om kva innhald signalbygget faktisk skal få.

– Vi skal mellom anna opne eit smakslaboratorium, ein såkalla "SmaksLab". Der kan folk i alle aldrar få spanande opplevingar ved å bruke, teste og kanskje utfordre eigne sansar, seier prosjektleiar Marianne Jevnaker ved ViteMeir.

Lokale produsentar og seljarar av mat og drikke er sjølvsagt involvert i SmaksLab, sidan heile senteret har berekraft som grunnleggjande premiss.

Takkar lokalt næringsliv

ViteMeir skal gje både eit inspirerande og lærerikt tilbod innan realfag til barnehagar og skular og vere eit opplevingssenter for familiar og fritidsgjester. Ambisjonen er å bli eit regionalt vitensenter, noko som blir avklåra før årsskiftet. Men lokale næringsdrivande har også ei viktig rolle.

– Det er takka vere pådrivarar frå lokalt næringsliv at vi no står her og kan gle oss til opne eit slikt flott senter for innovasjon, sambruk og nettverksbygging, seier prosjektleiaren.

Nye jobbar

Det vil også gje nye arbeidsplassar i regionen.

– Allereie i desember utlyser vi stillinga som formidlingsleiar og vi reknar med å rekruttere fleire nøkkelpersonar i løpet av våren. Innan opninga i 2021 skal fleire formidlarar tilsetjast, saman med folk til avdelingar for økonomi, teknisk drift og marknads- og kommunikasjon, seier Jevnaker. Ho gler seg stort.

– Det vert ein særs spennande arbeidsplass! Eg og mine nye kollegaer er heldige som får arbeide med eit slikt nytt og unikt tilbod i regionen, eit vitensenter som vil tiltrekkje unge og vaksne både frå lokalsamfunna og turistar, seier Marianne Jevnaker.

Bygg-info

Byggeprosjektet skal realiserast av Åsen & Øvrelid AS i samarbeid med Arkitektkontoret 4b AS, som vann konkurransen om utforming. Ei investeringsramme for bygget på 140 millionar kroner vart vedtatt av Fylkestinget i Sogn og Fjordane i vår.

Gasta Design