De Heiberske Samlinger Sogn Folkemuseum og ViteMeir inngår fagleg samarbeid om læringstilbod til born og unge
Vi vil jobbe saman for å gje born og unge eit læringstilbod om faglege tema i eit fortid- og samtidsperspektiv.
- Denne intensjonsavtalen legg grunnlaget for eit vidare samarbeid om å aktivisere barnehageborn, elevar og studentar gjennom felles læringstilbod knytta til REINT profilen til ViteMeir. REINT profilen skisserer satsingsområda Ressursar-Energi-Idemyldring-Natur-Teknologi som ViteMeir har valgt ut som faglege tema ved senteret. Det er interessant for oss å sjå på moglegheitene for å lage felles læringsopplegg som ser på temaene både i eit fortid- og eit samtidsperspektiv,
seier prosjektleiar for ViteMeir, Marianne Jevnaker. Dette kan mellom anna skape refleksjon hjå kommande generasjon kring korleis vi har komne dit vi er i dag i høve den teknologiske utviklinga.
ViteMeir og De Heibergske Samlinger Sogn Folkemuseum har fleire idear til korleis dei vil jobbe vidare med dette.
- Vi har allereie eit godt samarbeid med skular og barnehagar seier avdelingsdirektør ved De Heibergske Samlinger Sogn Folkemuseum, Aud Ross Solberg.
I samarbeid med ViteMeir kan vi no sjå på korleis vi kan variere allereie etablerte tilbod vi har til denne målgruppa, eller å lage heilt nye tilbod saman legg ho til.
ViteMeir ser fram til eit spennande og fagleg lærerikt samarbeid med De Heibergske Samlinger Sogn Folkemuseum i tida fram mot åpning!
Frå venstre: formidlingsleiar ved De Heibergske Samlinger Sogn Folkemuseum Mari Sofie Sandvik, avdelingsdirektør Aud Ross Solberg og prosjektleiar ViteMeir, Marianne Jevnaker.