ViteMeir søkjer ny dagleg leiar
Me søkjer etter ein kunnskapsrik og inspirerande dagleg leiar for ViteMeir.
ViteMeir – Vitensenteret i Sogn og Fjordane as – er eitt av 13 regionale vitensenter i landet. Senteret ligg på Kaupanger i Sogndal kommune og opna 11. november 2021. ViteMeir skal gje eit inspirerande og lærerikt tilbod til barnehagar og skular innan realfag, vere eit teknologisk opplevingssenter for familiar og fritidsgjestar, og ein unik møte- og utviklingsarena for næringslivet. Det overordna temaet for ViteMeir er berekraft, og gjestane våre skal få oppleve reisa frå 1303 muh. til 2469 moh.
Som dagleg leiar får du moglegheit til å vidareutvikle ein spennande arbeidsplass i eit kreativt og kompetent team. ViteMeir har i dag om lag 12 årsverk, inkludert serveringsstaden SmakeMeir.
Ønska kvalifikasjonar
Leiarerfaring frå næringsliv eller formidlingsinstitusjonar.
Erfaring frå sal-, service- og marknadsarbeid.
Trygg, engasjert og samlande leiar.
God økonomiforståing.
God nettverks- og samfunnsbyggjar.
Personlege eigenskapar
Resultatorientert, inspirerande og utåtvent med stor gjennomføringskraft.
Leiken og nysgjerrig, gjerne med interesse for realfag og teknologi.
Evne til å få det beste ut av medarbeidarane.
God på samarbeid og kommunikasjon.
Flink til å kommunisere med ulike nivå.
Arbeidsoppgåver
Leie og utvikle senteret i tråd med målsetjingane.
Vere ein pådrivar for å utvikle senteret si rolle i regionen.
Følje opp og vidareutvikle relasjonar og avtalar med samarbeidspartnarar lokalt, regionalt og nasjonalt.
Ansvar for personal, økonomi og rapportering.
Me tilbyr
Ein unik sjanse til å vere med å vidareutvikle innhaldet i vitensenteret.
Allsidig og triveleg arbeidsplass i stadig utvikling.
Kreativt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver.
Løn etter avtale.
Søknad med CV sendes på e-post til: tan@vitemeir.no
Spørsmål om stillinga kan rettast til styreleiar Tor Arne Ness, tlf: 908 39 860, eller rådgjevar Atle Bønes, Bønes Virik Executive Search, tlf. 928 89 420.
Søknadar vert behandla fortruleg.
Søknadsfrist onsdag 12. januar 2022.