Byggopp Vestland, pressemelding 10.12.2021

Byggeplassen på ViteMeir på Kaupanger i Sogndal har vorte ein suksess. (Foto: Knut-Hendrik Lajord, VeriMedia)

Byggeplassen på ViteMeir på Kaupanger i Sogndal har vorte ein suksess. (Foto: Knut-Hendrik Lajord, VeriMedia)

- Byggeplassen har vorte ein suksess.

Det nye vitensenteret ViteMeir på Kaupanger i Sogndal opna dørene 11. november. – Vi kan allereie no slå fast at installasjonen Byggeplassen har vorte ein suksess, spesielt mellom dei yngste borna. Det seier dagleg leiar på senteret, Erlend Fardal Lunde.

På Byggeplassen leikar ungane med gule vestar og hjelm. Å styre løft av byggeklossar med ein heisekran er spanande, men det er óg mykje anna å ta seg til med trillebår og ufarleg verktøy. Målet er at borna skal få eit inntrykk av kva som skjer bak gjerdene på ein byggeplass, og gjere operasjonar i lag og kvar for seg som både skaper interesse for å bygge og ei kjensle av mestring.

Eit tiltak for rekruttering 

– Vi trur dette har mykje for seg med omsyn til rekruttering til bygg- og anleggsfaga, seier styreleiar i Byggopp Vestland, Asle Solvang. Gåva frå opplæringskontoret sitt rekrutteringsfond på 500.000 kroner har vore avgjerande for realisering av Byggeplassen. I tillegg har Åsen & Øvrelid, som har vore totalentreprenør for det staselege vitensenteret, gjeve 300.000 kroner.

 

(Foto: Knut-Hendrik Lajord, VeriMedia)

Læringsopplegg alle kvardagar

Erlend Fardal Lunde fortel at sidan opninga har det vore minst to læringsopplegg på ViteMeir på kvardagane. Barnehageborn og skuleklassar frå 1. til 10. trinn fylgjer eit alderstilpassa program som tek dei gjennom installasjonane. Det tek inntil tre timar, inklusiv matpause.

– Erfaringa so langt er at dette fungerar bra, og samarbeidet med dei tilsette i skular og bornehagar er godt. Det er mange som vil ta turen til oss, som er eit teikn på at ViteMeir fyllar ein viktig funksjon. Vi har óg hatt godt besøk av familiar i helgene, legg han til. 

Eit av 13 vitensenter 

ViteMeir er eit av 13 vitensenter i landet. Etableringa på Kaupanger i Sogndal er geografisk utfyllande til dei øvrige. Senteret skal gi gode synergiar med forskings- og utdanningsinstitusjonar, offentlege etatar og næringslivet, og vere ein arena for idèmyldring mellom unge menneske og desse aktørane. ViteMeir er samlokalisert med nasjonal line for transport og logistikk ved Sogndal vgs.

 

Skal fylgje verksemda

– ViteMeir har vorte eit praktbygg, og vi ser fram til å fylgje med på alt som skal skje på senteret, seier styreleiaran i Byggopp Vestland. – Hvis nokon av morgondagens fagarbeidarar og byggingeniører kan seie at dei vart inspirert til ei framtid i vår bransje på ViteMeir, vert vi glade, legg Solvang til.  

Fakta om Byggopp Vestland

Byggopp Vestland er mellom dei største opplæringskontora i Vestland. Kontoret har ansvar for oppfylgjing av 485 lærlingar, praksiskandidatar og personar som fylgjer utdanningsprogrammet Fagbrev på jobb. Byggopp Vestland har 330 medlemsverksemder og 11 tilsette på kontora i Bergen og Førde.

 

Kontaktpersonar:

Asle Solvang, styreleiar Byggopp Vestland                               Tlf. 918 65 539

Håkon Svoen, avdelingsleiar Byggopp Vestland, område Nord            Tlf. 975 86 667

Hans Martin Moxnes, direktør EBA Vestenfjelske                     Tlf. 934 54 200

Heidi Breili Bøthun