Fjernar utstilling etter nestenulykke

Søndag 30. januar fekk me melding om at deler av utstillinga vår, berekraftslykta, som heng i trappeområdet ved utstillingsarealet, fall ned i eit område der det var born tilstade.  

ViteMeir har brukt gårsdagen og dagen i dag på å finne årsaken til at denne delen fall ned og har konkludert med at det dreier seg om ein mekanisk svikt i vinsjmekanismen. Vidare har det blitt gjennomført samtalar med alle foreldre som me er kjend med hadde ungar på, og i nærleiken av, fallstaden. Det har ikkje vorte meldt om personskadar, men nokre ungar var på og veldig nære fallstaden.

ViteMeir er bevisst det tryggleiksansvaret me har for gjestane våre, og erkjenner at dette kunne hatt eit anna utfall. Det vart difor fatta ei avgjersle om å demontere og fjerne berekraftslykta frå utstillingsområdet inn til vidare. Dette vart utført i dag i samråd med dei involverte leverandørane og montørane.

I lys av gårsdagens hending har me vald å bestille risikovurdering av alle utstillingane våre. Det skal vere trygt og lærerikt å besøka ViteMeir. 

Spørsmål kan rettast til dagleg leiar Erlend Fardal Lunde:
+47 464 28 741
efl@vitemeir.no

Guest User