ViteMeir opnar 11. november!

erlend-åse-vitemeir.jpg

Opnar dørene om ni månadar

(Kaupanger, 11.02.2021) Ein hard kamp for statlege midlar, langsiktig utvikling av gode pedagogiske læringsopplegg og planlegging av ei vitensenter-utstilling i ypperste klasse – ViteMeir er klare for besøk frå 11. november. 

- Det å setja ein deadline på eit prosjekt er ein viktig milepæl. Når me no går ut og lovar ein opningsdato så gir det ei kjensle av skrekkblanda fryd, seier dagleg leiar Erlend Fardal Lunde. 

Innhaldet og utstillinga i vitensenteret har vore nøye planlagt gjennom mange år, men det er først no når det er tilpassa, justert og satt i bestilling at prosjekt ViteMeir byrjar å kjennes verkeleg. Arkitekten med hovudansvar for innhaldsutviklinga er formidlingsleiar Åse Neraas: 

- Åse har imponert meg frå dag ein og har verkeleg gjort innhaldsutviklinga till sitt eige prestisjeprosjekt. Det er ei stor glede å sjå når ho presenterer tankar, idear og pedagogikk med eit eigarskap som ligg tjukt utanpå kroppen, fortel Lunde entusiastisk. 

ViteMeir skal ta gjestene sine med på ei reise frå botn av Sognefjorden, 1303 muh, til toppen av Noreg, 2469 moh. Dei skal mellom anna få kjenna på fysisk aktiv læring i ballrommet, testa smakssansane i SmaksLaben, bli kjent med Sophus Lie, ta steget inn i den virtuelle verda og konkurrere i nattesten. 

- Me skal vere eit besøks- og oppelvingssenter der du kan utforska, læra og oppnå meistring gjennom oppdaging. Me sitrar etter begeistring av å ta i mot dei første gjestene i november, avsluttar formidlingsleiar Åse Neraas. 

 

Kontaktar: 
Erlend Fardal Lunde, ViteMeir: +47 464 28 741 
 

Innhaldspresentasjon: 
https://www.vitemeir.no/opplev  

Guest User