Andreas (27) er vår Reodor Felgen
Andreas Pettersen Vikdal (27) er tilsett som driftsteknikar på ViteMeir med oppstart 1. juni
Like før nyttår utlyste ViteMeir stillinga som driftsteknikar med overskrifta “Er du vår Reodor Felgen?”. Me kan no med stor glede melde om at me har funne vår eigen Reodor i 27 år gamle Andreas Pettersen Vikdal.
Andreas er utdanna elektrikar og kjem frå Holen Installasjon der han har vore tilsett sidan 2011. Andreas har stor interesse for teknologi, «duppedittar», smarthus og byggautomasjon. I tillegg til å pusse opp og bygge hus nyttar han fritida si til å spele i bandet Takras. Saman med bandkameratane covrar han barnesongar, noko me kanskje òg kan dra nytte av på ViteMeir?
“Andreas peikte seg tidleg ut som ein sterk kandidat til stillinga og han imponerte oss stort på intervjua. Me gler oss til å få han med på laget frå juni.”
- Erlend Fardal Lunde, dagleg leiar ViteMeir
I andre intervjurunde fekk Andreas i oppgåve å utvikle sin eigen installasjon. Frå han fekk kjennskap til oppgåva hadde han rundt 84 timar på å teikna, presentera og kanskje byggja ein prototype. Andreas stilte opp på intervju med ein modell av ViteMeir-bygget som var lyssett med hjelp av solceller. Det er ingen tvil om at ViteMeir i Andreas får med seg ein driftsteknikar som er kreativ, kjennskap til produktet og stor interesse for å ta fatt på jobben.
“Eg gler meg veldig til å bli ein del av ViteMeir og få prøvd meg på dei spanande arbeidsoppgåvene ViteMeir har å tilby, samt bli godt kjend med dei andre tilsette.”
- Andreas Pettersen Vikdal aka Reodor Felgen
Velkomen på ViteMeir-laget, Andreas!