Berekraftig reiseliv
Flåm AS blir partnar og skal saman med ViteMeir utvikla formidling rundt berekraftig reiseliv
I perioden 2021 – 2023 bidreg Flåm AS med totalt kr. 550.000 til ViteMeir i form av årleg støtte og bidrag til utvikling av temasona «Berekraftig reiseliv».
- Dette er ein avtale eg som reiselivsmann er ekstremt stolt over at me har klart å landa. Til tross for at reiselivsbransjen er i ein ekstremt krevjande situasjon syner Flåm AS at dei tenkjer framtidsretta og langsiktig. Eg er utruleg glad for at me saman skal skapa formidling rundt berekraftig reiseliv, seier Erlend Fardal Lunde, dagleg leiar i ViteMeir.
Flåm AS har skapt ein verdsklassedestinasjon i Flåm og for Ingrid Lydvo, direktør for berekraft og forretningsutvikling i Flåm AS, har avtalen med ViteMeir vore viktig for å setja nullutslepp i reiselivet høgt på agendaen:
- Me jobbar målretta kvar dag for å skapa berekraftige reiselivsdestinasjonar og me set oss skyhøge mål for å redusera våre eigne og gjestane sine utslepp. Saman med ViteMeir kan me skapa meir interesse for reiselivet som yrkesveg og inspirera barn og unge til å jobba og utvikla ei framtidsretta og berekraftig næring.
Temasona berekraftig reiseliv er under produksjon og vil stå klar for besøkande når ViteMeir opnar dørene hausten 2021.
Ytterlegare opplysningar:
Erlend Fardal Lunde, ViteMeir, +47 464 28 741
Ingrid Lydvo, Flåm AS, +47 950 04 835