HVL-lærarane synest det er ein fest å jobba saman med ViteMeir

image12.jpeg

Og begge ser positive sider med samarbeidet som har vore heilt frå tidleg startfase av vitensenteret.

– Eg ynskjer å jobbe med ViteMeir for å kunna vera med å bidra til utvikling av ViteMeir, og vere med å skape eit unikt samarbeid som gjensidig kan styrke lærarutdanningane og ViteMeir, seier Linda Moen Rebni. 

Ho er høgskulelektor i pedagogikk på Høgskulen på Vestlandet i Sogndal, og er i ei 20 % fast stilling på ViteMeir. 

– Hittil har det vore ein fest å få samarbeide med ViteMeir. Det er framoverlente og rause folk som tykkjer alle idear er gode. Eg gler meg til å halda fram, seier Moen Rebni. 

I tillegg til eit tett samarbeid har dei ein avtale som regulerer at HVL skal setja av to 20 % stillingar i arbeidet med vitensenteret, med formål om eit godt samspel. Dei to stillingane er Linda og Kristin Myhra Sæterdal. 

– Samarbeidet med ViteMeir har gitt meg ein fantastisk moglegheit til å utvikla meg som ein kunnskapsformidlar i eit sprudlande miljø som ikkje er redd for å kasta seg over nye utfordringar, seier Myhra Sæterdal.

HVL får eigarkjensle

HVL og Vitemeir har hatt eit samarbeidsavtale sidan 2019, og det overordna formålet er å fremja utvikling av undervisning og formidling innan barnehage- og grunneskulelærar, og dei teknisk-naturvitenskaplege utdanningane.

– Eit viktig aspekt med vår innsats i første fase er jo nettopp at høgskulen er tett på utvikling av eit senter som vil kunne bety mykje for våre utdanningar si utvikling av innhald og formidlingsopplegg òg, seier Stein Joar Hegland, professor på institutt for miljø- og naturvitskap.

Eit slikt samarbeid meiner han har fleire gode fordeler for begge partar, blant anna det at HVL får ein heilt anna eigarkjensle og påverknadskraft enn berre ved å koma med litt fagleg råd innimellom. 

– Difor er det så viktig med Linda og Kristin med mange fleire som er involverte i det konkrete arbeidet med utvikling fordi då er det større sjanse at det blir relevant for HVL òg, seier Hegland.

image0-6.jpeg

Betre med samarbeid enn reint drifttilskot

Prorektor for utdanning Bjørg Kristin Selvik seier at HVL har noko fagleg å tilføra, og HVL tenker at eit slikt samarbeid med to delstillingar er meir fruktbart enn eit reint drifttilskot

– Me har brukt pengar på å la våre folk vera med å jobba med oppbyggingen, og tanken med dette var at me ønskja ein god kopling mellom ViteMeir og HVL slik at når senteret er i drift så er det kjent for oss, og større sjanse for at me vil bruka det aktivt i våre utdanningar og anna arbeid, seier ho. 

Stein Joar Hegland seier at det er viktig med kvalitetssikringa av det faglege innhaldet, og han seier at HVL er ein av dei viktigaste drivkreftene for at det i det heile tatt er eit vitensenter som blir til.

– Til dømes ein vasskraftinnstallasjon som Kristin jobbar med no. Der hentar ho inn kunnskap frå dei ulike fagmiljøa for å kunne seie noko om miljøkonsekvensane av slike energiutvinning. Her spelar fagmiljøa til HVL ei viktig rolle for ViteMeir, seier Hegland. 

Han seier og at det vil ha betydning for lærarutdanninga. 

– Eg trur at HVL kan bruke ViteMeir veldig aktivt til å utvikla enno betre lærarar, seier Hegland.

Kristin Myhra Sæterdal vil og jobbe for at studentane ved HVL skal få moglegheit til å bruka ViteMeir som ein ny læringsarea for praksisnær undervisning og som ein arena for innsamling av data til bachelor- og masteroppgåver.

– Arbeidet med å skapa eit areal for kreativ og utforskande matematikkundervisning har vore spesielt spennande og det er ingen tvil om at samarbeidet med ViteMeir gir meg nye idear som kjem studentane våre til gode, seier ho. 

Janne Bøyum