Heidi var den heldige som fekk "tak" på jobben på ViteMeir

Heidi sit på taket heime på Kaupanger og kan sjå ned på ViteMeir-bygget. No har ho sikra seg jobben som sals-og bookingansvarleg.

– Det at eg får vera med å forma noko nytt, ikkje berre stillinga, men heile konseptet var eigentleg noko av det som appelerte til meg. Det var eigentleg hovudgrunnen, seier Heidi Breili Bøthun.

Ho vart den heldige som gjekk av med stillinga som sals- og bookingansvarleg på ViteMeir etter fleire rundar med gode kandidatar. 

– Eg er særs glad for at Heidi blir ein del av ViteMeir-familien. Gjennom heile prosessen har ho synt oss ein enorm vilje for å jobba på ViteMeir. Heidi har brei kompetanse og passar perfekt inn i vår gjeng med poteter, seier dagleg leiar Erlend Fardal Lunde.

Stilling som var skriven til ho

Heidi er utdanna lærar, og jobbar for tida på Nybø Blomster. Ho har følgt med på fleire av ViteMeir sine stillingutlysingar, og har venta på at den riktige stillinga skulle bli lyst ut.

– Den var skriven til meg, og eg tenkte: Den MÅ eg ha! Eg ringte Erlend dagen etter, og gjekk obsessed i frå eg såg stillinga til søknadsfristen. Eg tenkte ikkje på mykje anna, seier ho. 

Intervjua gjekk i to rundar, først vanleg intervju, og så ei kreativ oppgåve dei måtte løyse.

– Det er jo sal og booking, så eg må selja meg sjølv inn. Eg fekk brukt alle mine kreative evner og laga ein powerpoint om meg sjølv. Eg fekk fram humor, bilde, og brukte symbolikk med blant anna ViteMeir-fargane, seier ho.

Bildene var av ho sjølv i forskjellige settinga på kvifor ho var best til jobben, blant anna tok ho bilde med ViteMeir-is.

– Eg var på MIX og ville ha is med ViteMeir-fargane som ein illustrasjon på at eg var systematisk, men det finst ikkje lilla is. Men så hadde dei regnbogeis, så eg fekk ho til å ta berre grønt og lilla frå den på seks kuler, seier ho. 

Førebur seg allereie

Heidi skal ikkje offisielt byrje før i oktober, men har allereie starta å setja seg inn i det, og får kanskje starte ein dag i veka allereie i august.

– Eg er veldig klar, og spent på alt. Eg har begynt å tenkja og førebudd meg, og lest meg opp, men det som er utfordrande er at eg veit ikkje kva eg går til, seier ho.

Med gartnar og lærar som bakgrunn og mange år i servicebransjen ser ho fram til å bruka alle sine sider i jobben, og vera litt “potet”. Ho gler seg og til å møta resten av teamet, og er vand med å jobba i små team på gartneriet. 

Janne Bøyum