Andreas Wahl kjem til opningshelga

Andreas Wahl (Foto: Linda Varpe)

Andreas Wahl (Foto: Linda Varpe)

Andreas Wahl, kjent frå Folkeopplysningen og Klassequizen på NRK og Skal vi danse-vinnar, kjem til ViteMeir fredag 12. november for å halde vitenshow!

Den offisielle opninga av ViteMeir er satt til torsdag 11. november. Vitensenteret lanserer no med iver og stor glede programmet for opningshelga. Sjølvaste Andreas Wahl vitjar ViteMeir fredag 12. november, som er elevfri dag i regionen, for å halda vitenshow.

Andreas Wahl er fysikar, vitskapsformidlar og programleiar. Andreas har mellom anna risikert livet for vitskapen i “Med livet som innsats” og forsøkt å opplyse folket gjennom “Folkeopplysningen”. I tillegg produserer Andreas Vitenkalenderen for tusenvis av nyfikne familiar kvart år, og turnerer landet med sine vitenshow.

ViteMeir legg opp til ei heftig opningshelg med masse aktivitetar. Du skal mellom anna kunne trykke dine eigne klede i makerspacen, lære å programmere, lage pynt til ViteMeir-treet, eksperimentere i kjemilabben eller utfordre venane dine i ballrommet.

Laurdag og søndag er det ViteMeir sine eigne artistar og formidlarar ViteVero og e-Skill som står vitenshow.

Billettsalet startar tysdag 22. juni kl. 12.00.

e-Skill og ViteVero (Foto: Ida Dalaker)

e-Skill og ViteVero (Foto: Ida Dalaker)

Guest User