ViteMeir kasta seg med for å laga sommarskule til sogningane

IMG_20210621_130856.jpeg

Iskrem av flytande nitrogen, bruslaging med kjemi, og flaskerakettar var noko av det som stod på planen til elevane. 

– Vi kjeda oss aldri, og me fekk gjera nesten kva me ville. For eksempel kunne me skyta rakett i friminuttet

– Eg likte veldig godt å laga iskrem, og då me ‘tente på’ henda våre.

Det var det nokre elevar som svarte på elevundersøkinga etter sommarskulen med ViteMeir.

Det var eigentleg ikkje noko plan om å ha sommarskule før i 2022, men så fekk dei førespurnad frå Luster kommune.

– Formidlingsleiar Åse var skeptisk til om me skulle få det til på kort varsel og så kort tid for opning, men eg meinte at denne utfordringa skulle me ta på strak arm, seier ViteVero, Veronika.

Etter dei sa ja til ein kommune, spreidde ryktene seg.

– Etter sommaren er over har me hatt kurs i Balestrand, Aurland, Årdalstangen, Øvre Årdal, og Flåm, og på Kaupanger, Leikanger, Hafslo, og Farnes.

Alle lærte programmering

Kvart av kursa varte i 2-3 dagar og det var gratis for elevane å delta på.Det vart blant anna gjort mange eksperiment. 

– Nokre av dei mest populære var å laga brus ved hjelp av kjemi, iskrem av flytande nitrogen,og skyte opp flaskerakettar. Fleire av elevane synest òg det var skikkeleg stas å få lov til å tenne på gassfylte såpebobler i hendene sine, seier ViteVero. 

Felles for alle kursa har vore at dei har lært å programmere, som er viktig i samband med nye fagfornyinga i fleire fag.

– Dei yngste elevane har lært å programmere små robotar som kallas bluebots. Frå 5.klasse og oppover har nokre drive med kreativ programmering og designa mønster som dei etterpå har trykt på tekstil, eller jobba med små datakort som kallast micro:bit slik at dei blant anna kan chatte med kvarande og styre dei fotballspelande robotane sine, seier e-Skill, Eskil Nore Kveim. 

Fleire i sommarjobb

SommarViten gjorde det òg mogleg for oss å tilsette fleire folk i sommarjobb. 

– Her var den yngste sommarjobben Anton Tveito som er elev på vidaregåande skulen, og eldste var Håvard Takle Sanden som til dagleg jobbar som naturfagslærar og ønska ekstra inspirasjon, seier Veronika. 

Sommarskulen vart og første møte med formidlingsdelen av jobben for driftsteknikar Andreas, og Ingrid som leiar for mat og drikke.

– Så det var bra at det gjorde det? 

– Sommarskulen blei ein skikkelig suksess. Det var òg ein kjekk måte for formidlarane til å teste ut læringsopplegga våre i praksis, så no er eg glad for at me kasta oss ut i det, seier formidlar Åse Neraas.

I undersøkinga var det og elevar som sa det burde vare lenger og at dei ville kome tilbake neste sommar. 

Janne Bøyum