Montèr Andersen leverer
Montèr Andersen har signert partneravtale med ViteMeir i perioden 2021-2023.
-Montèr Andersen er krye over at me får vere med på å støtte opp om alt det positive som skjer i vårt nærområde. Me ønskjer som delpartnar å vere med på å løfte fram rekruttering til bygg- og anleggsbransjen, der det skjer mykje spennande, seier Roger B. Osen, butikksjef Montèr Andersen Kaupanger.
Andreas Uglum Vikdal, ViteMeirs eigen Reodor Felgen, er særs nøgd.
-Me set stor pris på at lokale verksemder vil vere med på å utvikle ViteMeir. Montèr sitt bidrag og deira lokale kompetanse gir ViteMeir eit særpreg som speglar miljøet rundt oss, seier Andreas.
-Vitensenteret bidreg til samfunnsutvikling i form av å tilby mangfaldige arbeidsplassar, samstundes som det skapar mykje positiv blest som eit prosjekt der gode krefter og bidragsytarar frå heile regionen løftar i lag, seier Roger B. Osen.
Me er med på ViteMeir-laget fordi det er eit fantastisk flott prosjekt for heile Sogn, avsluttar Osen.