Samarbeid med Norsk Bremuseum &Ulltveit-Moe senter for klimaviten
Arbeide saman for å inspirere born og unge til auka kunnskap om klimaendringar.
- Vi vil gjennom denne avtalen legge til rette for eit fagleg samarbeid om innhold og aktivitetar som famnar om naturvitskaplege emner, klima i endring og samspel mellom natur og menneske seier prosjektleiar for ViteMeir, Marianne Jevnaker.
ViteMeir og Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten har allereie fleire idear dei ønskjer å samhandle om.
- Det er viktig å gå saman på tvers av dei etablerte opplevingssentera i regionen for å skape faglege synergiar som kan bidra til eit godt tilbod til besøkande, presiserer Marianne Jevnaker. Vi ser fram til eit spennande og lærerikt samarbeid med Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten i tida framover!
Frå venstre: fagansvarleg ved Bremuseet, Pål Gran Kielland og prosjektleiar ViteMeir, Marianne Jevnaker.