Samarbeid med Sunnfjord Skaparhus og Reodorklubben
ViteMeir og Sunnfjord Skaparhus og Reodorklubben i Førde vil saman bidra til skaparglede og teknologikunnskap hjå born og unge.
Denne veka teikna vi ein felles intensjonsavtale med Sunnfjord Skaparhus og Reodorklubben om samarbeid for å inspirere born og unge til å samlast og lære meir om teknologi gjennom “hands on” aktivitetar.
- Det er særs gledeleg at Sunnfjord Skaparhus og Reodorklubben, lokalisert ved Verftet i Førde, ønskjer å inngå eit slikt samarbeid med oss seier prosjektleiar ved ViteMeir, Marianne Jevnaker. Det er viktig at dei tilboda vi representerer kjem heile regionen til gode. Gjennom å skaffe tilgang til utstyr og kompetanse vil vi saman legge til rette for at born og unge kan utfolde seg kreativt og treffe andre som engasjerer seg for dei same aktivitetane.
-Vi ser fram til eit spennande og kreativt samarbeid med dette miljøet i tida som kjem, avsluttar ho.
Frå venstre: Prosjektleiar ViteMeir, Marianne Jevnaker og dagleg leiar Sunnfjord Skaparhus, Øyvind Hellenes.