Status for innhaldsarbeid ved ViteMeir

ViteMeir logo_m_grafisk profil.JPG

Innhaldsarbeidet er godt i gang

ViteMeir skal vera relevant som regionalt vitensenter ved at innhaldet speglar natur- og ressursgrunnlaget i fylket vårt, og dei teknologiske moglegheiter og utfordringar som ligg i vårt samspel med naturen. Fagområda senteret har valgt å fokusere på er identifisert gjennom profilen REINT: Ressursar- Energi-Idemyldring-Natur-Teknologi. Desse temaene underbyggjer den faglege overordna profilen; Berekraftig utvikling, der den miljømessige dimensjonen vert ekstra viktig.

Høgskulen på Vestlandet bidreg monaleg

Senteret er godt i gang med utvikling av innhaldet ved senteret. Høgskulen på Vestlandet (ein av eigarane av senteret) bidreg monaleg til dette arbeidet. Stein Joar Hegland, fagleg koordinator for HVL ved ViteMeir, har utarbeida ein Idégrunnlagsrapport som oppsummerer innhaldsarbeidet som er gjort gjennom både forprosjektet (2016-2017) og hovudprosjektet (2018-2019). Ein viktig arena for idéutvikling  var idémyldringane HVL og ViteMeir arrangerte hausten 2018. Der deltok mange engasjerte og kreative personar frå barnehagar, skular, høgskule, og anna arbeids- og næringsliv for å arbeide fram idéar og skisser til det som kan bli konkret innhald ved ViteMeir på kortare eller lengre sikt.

Desse ideane vidareutviklar vi no saman med relevante fagmiljø ved HVL, Vestlandsforsking og andre aktørar i næringslivet.

Utstillings- og publikumsareal

Utvikling av utstillings- og publikumsarealet i senteret vert eit viktig fokusområde hausten 2019. Forprosjektet startar allereie no i sommar. Dette arbeidet skal munne ut ein heilskapleg masterplan som gjev retningslinjer for utvikling av utstilling- og publikumsareal, samt framstilling av innhaldselement ved senteret. Målet er å få på plass denne planen før samspelsfasen med byggeherre startar hausten 2019.

Finansiering av innhald

For å få ein god progresjon i innhaldsarbeidet er vi avhengig av finansiering. Det er særs gledeleg at fleire aktørar både fra offentleg hald og privat næringsliv har gjeve støtte til dette arbeidet.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane var tidleg på bana i 2018 og gav totalt 2 millionar i gåve til innhald og installasjonar ved senteret. Sogndal kommune har vedteke å tildele 3 millionar til same formål. Sogn Næring bidreg også med tilskot til innhaldsutvikling. Dette er viktige bidrag i eit større innhaldsarbeid som allereie er i gang. Vi håpar på fleire positive tilsagn hjå andre aktørar vi er i kontakt med.

ViteMeir partnarar

Viktige bidrag til realisering av ViteMeir kjem også frå fleire regional og lokale bedrifter som har inngått samarbeidsavtalar med senteret. Til no har følgjande bedrifter blitt ViteMeir-partnarar:

-          Hydro Aluminium, Årdal og Høyanger Metallverk

-          Høgskulen på Vestlandet

-          Vestlandsforsking

-          Innovasjon Norge

-          Lerum

-          Difi

-          Holen Installasjon

-          Jatak

-          Toyota Sogn

-          Quality Sogndal Hotell

-          Nordbohus Sogn

-          Sognenett

-          Daco Mekaniske

-          Vesterland Feriepark

 

Ønskjer ein å bli ViteMeir-partnar er det berre å ta kontakt med oss.

Gasta Design