ViteMeir er Klimapartner
ViteMeir vil som Klimpartner bli ein del av regionen sitt viktigaste partnarskap for utsleppskutt og grøn omstilling.
Klimapartnere Vestland har over 60 partnarverksemder og for ViteMeir var det heilt sjølvsagt at me skulle bli ein del av fellesskapet.
- ViteMeir skal ta ein leiande posisjon i klima- og miljøarbeidet. Gjennom Klimapartnere kan me ta del av mykje kunnskap samt dele av vår lærdom. Dette blir kjekt, seier dagleg leiar Erlend Fardal Lunde.
Prosjektleiar for Klimapartnere Vestland, nord, Truls-Einar Strand Johnsen er nøgd for å ha med ViteMeir i partnarskapet:
- Me er veldig glade for å ha ViteMeir med på laget, som partnarskapet sitt andre vitensenter. Me gler oss til å ta del i alle prosjekta ViteMeir har på gang.
ViteMeir flyttar inn i det nye fylkeskommunale bygget på Kaupanger til hausten og Lunde legg ikkje skjul på at det berekraftige fokuset i byggeperioden forpliktar:
- Me flyttar inn i eit bygg som mellom anna har 50 % av karbonavtrykket til eit referansebygg. Alle desse faktorane forpliktar når me etterkvart kjem i full drift. ViteMeir skal ikkje ta dei enkle vala, me skal ta dei rette vala, avsluttar Lunde.
Vestland har vedtatt mål om å bli eit nullutslepps fylke innan 2030. Alle Klimapartnere vært utfordra om å fjerne alle direkte utslepp innan 2030 og sette seg mål i tråd med dette, samt å være sterke pådrivarar for det grøne skifet i regionen. Partnerskapen er prega av haldinga: «Dette berre gjer vi!»
Klimapartnere Vestland vart etablert i 2014, saman med Norsk Klimastiftelse og Hordaland fylkeskommune. Sidan den gong har partnerskapen og leiar, Helene Frihammer, også hatt ei heilt sentral pådrivarrolle for å spre den gode Klimapartnere – metodikken til resten av landet. Dette har verkeleg lukkast, for snarlig er sterke partnerskap å finne i heile Norge. I rolla som Strategisk Prosjektleiar for Klimapartnere er målet å styrke metoden og løfte Klimapartnere i heile landet.