Sparebank 1 SMN sikrar syklisk matavfallshandtering
Visjonen til ViteMeir om eit bygg utan matavfallsdunk vert no ein realitet – Me er stolte av å bidra til draumen om «zero food waste», seier Anders Neteland, banksjef i Sparebank 1 SMN.
Etter lanseringa av dei visjonære planane på tampen av fjoråret kan ViteMeir no realisere sitt sykliske matavfallsprosjekt. Sparebank 1 SMN løyver kroner 265.000 av sitt samfunnsutbytte til kjøp av ei hurtigkomposteringsmaskin.
- Dette er eit prestisjeprosjekt for ViteMeir som me er glade for at Anders og Sparebank 1 SMN bidreg til at me kan realisere, seier Erlend Fardal Lunde, dagleg leiar for ViteMeir.
ViteMeir sin visjon om å drive utan matavfallsdunk handlar både om å redusere matsvinn og utnytte matavfallet som ressurs best mogleg. I tillegg ønskjer ViteMeir som vitensenter å inkludere ulike måtar å handtere matavfallet på i formidlinga til skular og barnehagar.
- Det skjer utruleg mykje spanande på dette feltet, der hurtigkompostering får ei sentral rolle i vår formidling og drift. Me ser òg på potensialet for mellom anna ein eigen larvefarm og hydroponisk dyrking. Me ønskjer å vere i forkant på dette området, seier Lunde.
Sparebank 1 SMN har ein uttalt strategi om at dei skal vere ein pådrivar for grøn omstilling og er godt nøgde med sitt nye samarbeid med ViteMeir. Banken understreker at dei med dette bidreg til at eit av ei mest bærekraftige prosjekta i regionen spissar si grøne satsing ytterlegare.
- Å ta berekraftige val i alle avgjersler er diverre framleis meir kostbart. Me stilte tidleg i prosessen krav om at vårt bidrag til ViteMeir forutsette at dei kunne få realisert eit berekraftsprosjekt som ellers hadde vore vanskeleg å finansiere. Måten Erlend og resten av teamet har respondert på er imponerande, avsluttar Anders Neteland.
Kontaktar:
Erlend Fardal Lunde, ViteMeir: +47 464 28 741
Anders Neteland, Sparebank 1 SMN: +47 932 67 321