Ola startar sin ViteMeir-praksis
Ola Alsterholm starta denne veka på ti veker praksis hjå ViteMeir gjennom masterstudiet innovasjon og ledelse på HVL
Ola er opprinneleg frå Gøteborg, men har budd i Sogndal dei siste åtte åra. Han arbeidar til dagleg på HVL med organisasjonsutvikling og digitalisering. Ola sin bakgrunn er allsidig med hovedfokus på økonomi og marknadsføring. Han har tidlegare studert i USA og Frankrike, vore tilsett hjå Volvo og Jaguar, samt arbeida som gründer.
- Eg har tenkt ei stund på vidareutdanning, for å friske opp kunnskap og utfordre meg sjølv. No studerer eg innovasjonen og ledelse på HVL, ei masterutdanning som går på teknologi og organisasjonsutvikling i eit leiarperspektiv.
Ola Alsterholm
Gjennom ti veker på ViteMeir skal Ola arbeida tett saman med dagleg leiar Erlend Fardal Lunde og formidlingsleiar Åse Neraas. Ola skal mellom anna bistå i VR-relaterte prosjekt og bidra til å setja struktur for eit selskap i vekst og utvikling.
Ola passar perfekt inn i ViteMeir-gjengen med sin allsidige bakgrunn. Eg er ikkje i tvil om at han på kort tid vil bidra til at me som organisasjon blir sterkare. For oss er det òg viktig at samarbeidet med HVL blir langvarig, og praksisløp som Ola no skal gjennomføra er difor særs viktig.
Erlend Fardal Lunde, dagleg leiar
ViteMeir gler seg til å få Ola med på laget og reknar med at vitenskap føyer seg inn på lista over fritidsinteresser saman med ski, sykkel, musikk og litteratur.