Trygg reiseveg for elevar frå Luster
Luster Sparebank har signert 3-årig partnaravtale med ViteMeir for finansiering av busstransport og trygg reiseveg til og frå skulane i Luster kommune
ViteMeir og Luster Sparebank kunne denne veka dele det glade bodskap med oppvekstsjef i Luster kommune Knut Åge Teigen.
- Me er heldige som får eit vitensenter like i nærleiken. Difor er det veldig kjekt at me, gjennom å sponse skuletransport, kan bidra til at born og ungdom i Luster kommune får oppleve det ViteMeir har å by på. Målet vårt er at alle skuleelevar i Luster ein gong i året skal få ein spanande og inspirerande skuledag på ViteMeir, seier Oddstein Haugen, banksjef i Luster Sparebank.
Luster Sparebank sitt årlege sponsorbidrag finansierer minimum 25 busstransportar til og frå skulane i kommunen og ViteMeir.
- Transport er ein stor dørstokk for å sikre utstrakt besøk frå skulane. ViteMeir er difor avhengige av at partnarar som Luster Sparebank ser behovet for finansiering av busstransporten, seier dagleg leiar i ViteMeir, Erlend Fardal Lunde.
Dei første elevane frå Luster kommune vil koma til ViteMeir kort tid etter opning 11. november. Kanskje med Oddstein Haugen og Knut Åge Teigen som medpilot?