Matnerden Ingrid klar for ViteMeir

IMG_3903.jpg

For Ingrid Husum (39) er mat lidenskap. 1. august startar ho i stillinga som leiar for mat & drikke på ViteMeir

Etter ein hektisk og krevjande interjvuprosess vart det Ingrid Husum som fekk jobben som leiar for mat & drikke. Ingrid er 39 år og er busett i Sogndalsfjøra med sambuar og to born.

- Eg er veldig glad for at Ingrid blir ein del av ViteMeir-familien. Me vil at nerdane skal bli rockestjerner, og som matnerd kan Ingrid garantert inspirera neste generasjons kokkar, seier dagleg leiar Erlend Fardal Lunde.

Ingrid har fagbrev som kokk og bachelor i MATteknologi Dei siste tre åra har ho vore avdelingsleiar for Café Sogningen og hatt ansvaret for den konseptuelle endringa dei har vore gjennom. Frå tidlegare har Ingrid lang erfaring frå Lerum som kvalitetskoordinator. I siste intervjurunde fekk ho kjempa mot klokka og servert sitt forslag til signaturrett for SmakeMeir på 30 minutt.

- Som kreativ matnerd har mat og drikke alltid vore ein stor lidenskap og hatt hovudfokus i mitt utdannings- og arbeidsliv. Eg gler meg til å søkja ny kunnskap og inspirasjon til etablering og utvikling av SmakeMeir og SmaksLab, seier den nytilsette matnerden Ingrid Husum.

- Ingrid er i god ViteMeir-stil ei ekte potet og har erfaring med variert lab-arbeid. Ho har kvalitetar som vil løfta serveringsstaden SmakeMeir og formidlingsarenaen SmaksLab, avsluttar Lunde.

Velkomen til ViteMeir, Ingrid!

Guest User