Tre HVL-studentar i praksis på ViteMeir - får vere med å byggje frå starten

20210601_091816.jpeg

Dei tre studentane har blitt dratt inn i ViteMeir-verda, og får ein unik praksisperiode som dei aller første praksisstudentane på vitensenteret som opnar i haust.

– Eg såg for meg at eg kunne få meir ut av praksisplassen hos ein organisasjon som er i planlegging enn hos ein som allereie er open, seier Kine Bårdsen. 

Ho, Marie Fotland og Janne Merete Bøyum er snart ferdig med første året på reiselivsleiing-studie på Høgskulen på Vestlandet. Mot sommaren har dei fått praksisplass på vitensenteret.

– Eg hadde lyst til å prøva noko anna enn hotell som eg har erfaring frå. Eg ville prøve noko meir administrativt og sjå om det er noko for meg, seier Marie Fotland. 

Alle tre fekk eit godt inntrykk då dagleg leiar Erlend Fardal Lunde presenterte bedrifta på eit bransjeseminar i lag med fleire bedrifter frå næringslivet i Sogn for å lokke til seg studentane. 

– Det var utruleg spennande då han fortalde at me kunne vere med å byggje noko frå starten av. Heilt med blanke ark, seier Janne Merete Bøyum.

Ein av dagane fekk studentane vere med på kaffiprat på campus i lag med Erlend Fardal Lunde. F.v. Marie Fotland, Janne Merete Bøyum, og Kine Bårdsen.

Ein av dagane fekk studentane vere med på kaffiprat på campus i lag med Erlend Fardal Lunde. F.v. Marie Fotland, Janne Merete Bøyum, og Kine Bårdsen.

Mange nye inntrykk

No er dei tre studentane ferdig med to veker av praksisen og er allereie fullt opp med mange nye inntrykk, ny erfaring, og møtt mange nye folk. 

–  Eg forventa at det var litt møter og at me kom til å sitje på kontor, og at me fekk kunnskap om dei meir administrative oppgåvene, som marknadsføring, rekruttering, og kunnskap om korleis ein kan kome i gong med ei bedrift, seier Marie, som kjem frå Osterøy.

– Og korleis har det vore så langt, Kine? 

– Så langt er eg positivt overraska, og eg såg for meg at ting skulle vere vansklegare. Meir rotete på ein måte med tanke på at det er mange forskjellige med på laget, og alle sit i kvar sin krok, seier Kine. 

Innblik i næringlisvet gav motivasjon

Blant anna har dei fått vere med å utvikle teambuildingprodukt, gjort marknadsdundersøking, og fått vere med på ein heil del møter, blant anna generalforsamling til Sogn og Fjordane næringsråd. 

– Eg såg meg rundt, og det var ein sjef for det og ein sjef for det, og innhaldet var utruleg spennande. Eg tenkte at dette var noko eg kunne få til. Det gav meg motivasjon, seier Marie.

– Det var spennande å sjå alle dei forskjellige folka. Eg har ikkje høyrt om dei. Alt er nytt og spennande, og eg følte meg som ein “important person”, seier Kine, som kjem frå Arna. 

I tillegg til felles oppgåver er dei med på fleire små prosjekt der dei bidrar, eller kjem med inspirasjon til dei andre i teamet. Blant anna sosiale medium, VR-simulator, og musikkprogrammering.

Mange som er med å byggje opp

Dei har òg fått møte dei fleste i ViteMeir-teamet, og fått eit innblikk i kor mange som er med for å bygga opp bedrifta.

– Det er ganske spennande å sjå kor mange som må til for å byggje opp bedrifta frå alle kantar, og halda styr på alle dei trådane er imponerande, seier Janne Merete, frå Fjærland.

– Eg hadde blitt svimmel i starten for å halde styr på alt det, seier Kine.

OMVISNING: Studentane fekk ein omvisning på det massive trebygget på Kaupanger.

OMVISNING: Studentane fekk ein omvisning på det massive trebygget på Kaupanger.

ViteMeir får ta over bygget på Kaupanger i September, og det opnar i November, som vil seie at per no sit alle dei tilsette i kvar sin krok, og det er det einaste praksisstudentane synest er litt dumt.

På trass av det føler dei at arbeidsmiljøet er bra, og det er eit fellesskap som dei etter berre to veker har blitt ein god del av.

– Det er ikkje så strenge rollar. Det er ein god balanse mellom det kvardagslege, og det å vere leiar og tilsett, seier Marie.

– Dei har ein jobb å gjera, men dei har det kjekt. Og me føler oss allereie som ein del av teamet. Det er ikkje diktatur liksom, ler Kine.

– Ja, her om dagen var det sjefen som kom med kaffi til oss medan me utvikla produktet, legg Janne Merete.







Janne Bøyum