Gasta, lilla og grønt til 2023

IMG_4149.jpg

Lilla og grønt lyser mot deg både på web og etterkvart i vitensenteret. Bak fargekodane står gjengen i Gasta som no styrkar sitt ViteMeir-partnarskap

Gasta har vore ein stor del av ViteMeir gjennom fleire år, og har entusiastisk bidrege til grafisk profil, nettside og namneprosess. Når ViteMeir no opnar dørene til vitensenteret i november er Gasta òg med på utforming av den fysiske visuelle identiteten.

- Gasta er med fordi ViteMeir er ei viktig satsing for regionen. Vi er som byrå opptekne av å ha kompetanse på berekraft og miljø. Vi har mange kundar som har dette som fokus, og vi trur at eit tett samarbeid med ViteMeir vil styrke oss som leverandør, seier Astri Knudsen, ass. byråleiar i Gasta.

Sola strålte om kapp med smila til Hilde Nes, Astri Knudsen og Erlend Fardal Lunde då partnarskapet vart formalisert. Gasta er no 3-årig partnar til verdi av kr. 30.000 årleg i perioden 2021 - 2023, noko dagleg leiar i ViteMeir, Erlend Fardal Lunde, er godt nøgd med

- Det er ein fryd å samarbeida med Astri, Hilde og resten av Gasta. Me opplever at me har god kjemi og at våre til tider voldsomt kreative innspel og ønskjer vert oppfatta og foredla på ein utsøkt måte, fortel han.

ViteMeir ser fram til eit tett og godt partnarskap med Gasta som både kunde og leverandør dei komande åra.

Guest User