Rammeavtale med Fylkeskommunen
Fylkeskommunen vedtek rammeavtale med ViteMeir
Fylkestinget vedtok 4. juni 2019 at Sogn og Fjordane fylkeskommune inngår ei treårig rammeavtale med ViteMeir frå skuleåret 2020/2021. Avtalen omfattar tilgang til utstillingane og ulike læringsprogram ved senteret, besøk fra ViteMeir på dei vidaregåande skulane, samt tilhøyrande ambassadørordning for tilsette ved skulane.
Forutsetning for å bli eit regionalt vitensenter
- Dette er nok ei viktig brikke å få på plass innan hausten 2019 då vi kjem til å søkje Vitenstyret (forvaltar av Vitensenterprogrammet i regi av Norsk Forskningsråd) om status som regionalt vitensenter, seier Marianne Jevnaker, prosjektleiar for ViteMeir. Ei fylkeskommunal forankring er eit av kriteria som må innfriast for å kunne utløyse statleg tilskot til drift. Fylkeskommunen er no sterkt inne i realiseringa av senteret, både som største eigar, byggherre for det nye bygget som kjem på Kaupanger og no som brukar av senteret for sine vidaregåande elevar.
Detaljane i avtalen om kva tilbodet til dei vidaregåande skulane skal innebere vil bli konkretisert når innhaldsutviklinga ved senteret er komme nokre steg vidare.