Statkraft med viktig bidrag
Statkraft Energi AS gir ei gåve på kr. 200.000 til vasskraftinstallasjon og signerer 3-årig partnaravtale
ViteMeir er svært takksame for at Statkraft ynskjer å bidra til at det kjem på plass ein vasskraftinstallasjonen i vitensenteret. Vasskraft er eit av områda ViteMeir vil ha størst fokus på fram mot opning og med gåva frå mellom anna Statkraft kan vasskraft som ein av våre signaturinstallasjonar realiserast.
- Det har heile vegen vore viktig for ViteMeir at kraftbransjen bidreg i eit spleiselag for at vasskraftinstallasjonen skal kunne realiserast. Gåva frå Statkraft er eit svært viktig bidrag, seier Erlend Fardal Lunde, marknadssjef for ViteMeir.
Statkraft gir kr. 200.000 i gåve til vasskraftinstallasjonen, samstundes som dei signerer ein 3-årig partnaravtale med ViteMeir på kr. 100.000 årleg frå 2021. Bidrag til installasjonar frå næringslivet er avgjerande for å sikra eit godt innhald til opning, det same gjeld årleg driftsstøtte.
- For ViteMeir er finansiering av innhaldsutviklinga den viktigaste oppgåva. Me skal òg drifta ei berekraftig økonomisk bedrift etter at senteret opnar og me er svært takksame for det rause næringslivet slik at me når våre mål om sunn drift, fortset Lunde.
Ingeborg Dårflot, Regiondirektør for Region Midt-Norge i Statkraft Energi AS, gler seg til å samarbeida med ViteMeir og ikkje minst setja fokus på klimakrisa: - Verda må løysa klimakrisa. Me meinar at fornybar energi ikkje berre er ein del av løysinga, det er sjølve løysinga. Statkraft ynskjer saman med ViteMeir å syna framtida - barn og unge i Sogn og Fjordane - kor spanande og framtidsretta fornybar energi er!
Statkraft sin regionsentral for Midt-Norge er lokalisert i Gaupne. Regionsentralen har døgn-kontinuerlig drift og styrer og overvåker alle dei 32 vannkraftverka og 7 vindparkene i regionen. Regionen får i løpet av året ansvaret for driften av Europas største vindpark på over 1000 MW som er under bygging på Fosen i Trøndelag.
Statkraft si verksemd er fornybar energi. Dei produserer vasskraft, vindkraft, solkraft og gasskraft, leverer fjernvarme og kjøper og selger energi. Ambisjonen deira er å leia overgangen til ei verd med fornybar energi.
Vala me tek no må vera til det beste for dei som kjem etter oss. Gjennom ViteMeir ynskjer Statkraft å få hjelp til å vidareutvikla oss og teknologien, for saman med framtida kan me løysa klimakrisa, avsluttar Ingeborg Dårflot i Statkraft.
ViteMeir ynskjer Statkraft Energi AS velkomen ombord!