Digitale poteter

Eskil og Veronica presenterer seg med flammar frå heksemjøl!

Eskil og Veronica presenterer seg med flammar frå heksemjøl!

Eskil og Veronica blir ein del av ViteMeir etter vår jakt på digitale poteter

I slutten av juni utlyste ViteMeir den første stillinga som Formidlar med den snedige vinklinga om at me ynskte digitale poteter. Veronica Danielsen (25) starta i stillinga 5. oktober medan Eskil Nore Kveim (28) startar 1. januar 2021.

- Veronica er ei digital potet med både realfags-og formidlingskompetanse. Og når ho i tillegg har med seg ein flammande drillstav på flyttelasset, er eg sikker på at ho vil bli eit sterkt tilskot til ViteMeir-familien, seier formidlingsleiar Åse Neraas.

Veronica Danielsen kjem frå Ramnes, som er ei lita bygd i Vestfold. Etter fem år med studier i Oslo gler ho seg no til å koma seg ut av storbyen:

- Eg er ein glad, nyfiken og eventyrlysten fysikar frå ei lita bygd. Eg trivst godt på mindre plassar og gler meg til å bli kjent med folka og området i Sogn. Eg ser på både den nye jobben og ein ny stad å bu som eit eventyr og eg gler meg som eit lite born på julekvelden, uttalar Veronica euforisk.

Veronica har lenge drøymt om å arbeida på eit vitensenter og ser fram til ein variert arbeidskvardag med rom for mykje kreativitet. Veronica har mellom anna ein mastergard i Vitenskapsformidling frå UiO og er ein erfaren driller som har undervist som drillinstruktør.

- Eg gler meg til å møta utruleg mange fantastiske menneske i ulike aldre og forhåpentlegvis sjå gleda og forundringa i augene deira når eg hjelp dei med å avsløra naturnes løyndomar, avsluttar Veronica stolt.

Med på laget får formidlingsleiar Åse Neraas òg Eskil Nore Kveim, som forlot Vest-Telemark og Treungen i Nissedal Kommune då friluftsinteressa lokka han til Sogn og Sogndal etter folkehøgskulen.

- Eskil er både kreativ og kunnskapsrik, og har god kjennskap til både læraryrket og lærarutdanninga. I tillegg utfyller han Veronica godt innanfor programmeringsfeltet, og det er noko skulane skal få nytte godt av framover, seier Neraas.

- Det å kunne jobba med formidling av naturvitenskap på ein praktisk måte tiltrakk meg. Det at stillingsutlysinga var noko spesielt utforma med digital potet som tittel var med på å fanga interessa, seier Eskil.

Eskil er ein type som likar å sitja for seg sjølv å pønska ut rare og spanande aktivitetar for dei som skal vitja ViteMeir. Som utdanna lærar ser han fram til å ta i mot skuleklassar når ViteMeir opnar dørene hausten 2021.

- Det er heller ikkje noko minus at eg kan reisa rett frå jobb og ut på dei flotte sykkelstiane som Kaupanger har å by på, avsluttar Eskil som etter eige utsagn kom til Sogn som skiboms og som no blir ein sentral figur på ViteMeir.

EskilogVeronica1.jpeg

Velkomen på laget,

Eskil og Veronica!

Guest User