Erlend Fardal Lunde vert Dagleg leiar
Erlend Fardal Lunde er tilsett som dagleg leiar i ViteMeir. Han er i dag Marknadssjef i ViteMeir og startar i stillinga som Dagleg leiar 1. desember 2020
- Erlend har engasjert seg særs positivt i prosjektet dei månadane han har vore med oss. Han har ein relevant bakgrunn frå hotellbransjen med å skape gode kundeopplevingar, og har erfaring med byggeprosjekt, organisasjonsutvikling og kommersiell drift. Det er eit godt utgangspunkt for ei heilskapleg utvikling av ViteMeir. I samspel med det pedagogiske opplegget er målet å gjere ViteMeir til ein god møteplass både for skular, næringsliv og fritidsmarknaden, seier styreleiar i ViteMeir, Tor Arne Ness.
Bygginga av ViteMeir er i full gang og målet er at bygget skal vere sett opp og tett til nyttår.
- Når vi no ser korleis bygget reiser seg, og vi ser korleis arbeidet med å fylla bygget med innhald konkretiserer seg, ser eg fram til å ta fatt på jobben som dagleg leiar, seier Erlend Fardal Lunde.
- Saman med dei andre tilsette i ViteMeir skal vi gjere det vi kan for at ViteMeir skal verte det vi ønskjer, nemleg eit senter som skal inspirere barn og vaksne til å utforske og søke ny kunnskap som samfunnet og næringslivet treng i framtida. Vi gleder oss til ViteMeir er klart for opning hausten 2021, avsluttar Lunde.
Kontakt:
Erlend Fardal Lunde, 464 28 741
Tor Arne Ness , 908 39 860