Sogndal kommune bidreg med 3 millionar til innhaldsutvikling
Eit viktig bidrag til arbeidet med innhaldsutvikling ved senteret
– Det er særs gledeleg at vertskommunen Sogndal viser veg og bidreg til innhaldsutviklinga ved senteret på denne måten, seier Marianne Jevnaker, prosjektleiar for ViteMeir. Ho takkar samstundes alle dei lokale politikarane som har støtta og fulgt opp søknaden om desse midlane.
Innhaldsutviklinga ved senteret er no i full gang. Høgskulen på Vestlandet, med Stein Joar Hegland i spissen, har lagt ned eit grundig forarbeid med ideutvikling gjennom møter med ulike fagmiljø og idemyldringar med potensielle brukargrupper. Dette kan ein lese meir om i her.
Dette grunnlaget byggjer ein no vidare på i arbeidet med utvikling av konkrete installasjonar i senteret. Det skal samstundes utviklast ein masterplan som dekkar utforming og utsjånad på lokaler, utstilling og tilhøyrande element.
– Vi er i no ein fase der vi arbeider med finansiering av innhaldet. Målsetjinga er å skaffe om lag 15 millionar til innhald og installasjonar. Ei rekkje søknader til gåveinstitutt og offentlege aktørar er under handsaming, fortel Jevnaker. For å nå målsetjinga er vi avhengig av støtte både frå offentlege og private aktørar. Ønskjer ein å bidra i dette arbeidet er det berre å ta kontakt, seier ho.