Rammeavtalar med kommunar

Byggskisse inne.jpg

Viktig med regional forankring hjå skuleeigarane.

I løpet av våren har følgjande kommunar vedteke å inngå 3-årig rammeavtalar om bruk av ViteMeir

-          Nye Sogndal kommune

-          Luster kommune

-          Årdal kommune

-          Lærdal kommune

Avtalane inneber bruk av senteret sine utstillingar og ulike læringsprogram for barnehagar og grunnskular i kommunane. I avtalane er det tilbod om noko transport til/fra senteret, besøk fra ViteMeir på skulane, samt tilhøyrande ambassadørordning for tilsette i barnehagar, grunnskule, vidaregåande skule og lærarstudentar ved HVL. Denne ordninga vert oppretta som eit bindeledd mellom ViteMeir og dei nemde gruppene og vert eit fora der desse kan vere med å forme tilbodet ved senteret.

Søknad om regionalt vitensenter

-          Det er særs gledeleg at desse kommunane har gått føre og valgt å satse på ViteMeir som ein supplerande læringsarena for barnehageborn og elevar i sine skular, seier Marianne Jevnaker, prosjektleiar for ViteMeir. Vi har søknader til handsaming i fleire kommunar og håpar på positivt svar i løpet av hausten.

Ho poengterer at desse rammeavtalane er viktige brikker å få på plass før søknad om å bli eit regionalt vitensenter skal inn hausten 2019. Status som regionalt vitensenter er avgjerande for å få statleg tilskot til drift. Pr i dag er det 10 regionale vitensenter i drift. Ytterlegare to senter blei godkjente som regionale vitensenter i 2019, eit ved Atlanterhavsparken i Ålesund og eit i Mo i Rana.

Gasta Design