Fylkestinget har vedteke utbygginga på Kaupanger!

Byggskisse.jpg

Det endeleg vedtaket om utbygging av Sogndal VGS på Kaupanger, med utleigedel for ViteMeir er på plass.

– Dette er ein viktig milepæl for prosjektet. Det er gledeleg å sjå at det offentlege med Fylkeskommunen i spissen viser veg og vel å satse på ungdommen og framtida i fylket, seier Tor Arne Ness, styreleiar for ViteMeir.

Prosessen med utbygginga starta i 2016, då initiativtakarar frå næringslivet på Kaupanger innleia dialog med Fylkeskommunen om eit sambruk mellom Sogndal VGS og eit vitensenter. Sidan den gong har prosessen vore gjennomarbeida og god. Arkitektfirma har vore leigd inn for å utarbeide ei førebels skisse til rom- og funksjonsprogram.

– Det vert no spennande å delta i prosessen vidare, ikkje minst med tanke på samspelsfasen med byggherre og entreprenør til hausten. Det er mange detaljar som skal på plass for å skape egna areal for interaktive utstillingar med tilhøyrande fasilitetar.

Samlokalisering

Det er vedteke eit konsept for eit sambruk mellom Sogndal VGS og ViteMeir i eit nytt bygg som skal plasserast på området der Sogndal VGS i dag har line for transport og logistikk. Ei sentral plassering like ved Rv 5.

 

Ei slik felles satsing og eit slikt bygg gjev rom for fleire funksjonar som

  • Vidaregåande opplæring i meir tenlege lokale og utandørs areal

  • Vitensenter for barnehagar, skular, høgare utdanningsinstitusjonar og fritidsmarknaden

  • Samlingspunkt for næringsliv med rom for kompetansedeling og innovasjonsarbeid

Det samla netto romprogrammet er sett til 3658 m2, der utleigedelen til vitensenteret utgjer om lag 2000 m2.

Vert ein spennande smeltedigel

Byggestart er planlagt til januar/februar 2020 , med opning av ViteMeir i løpet av skuleåret 2020/2021.

– Dette vert ein spennande smeltedigel der fleire aktørar er samla, seier Marianne Jevnaker, prosjektleiar for ViteMeir. Vi ønskjer å skape ein ny arena og møtestad som samlar formidling, engasjerande læring og næringsliv i regionen, og legg til:

– Eg ser fram til at byggeprosessen no kjem i gang. Det er mange viktige brikker som skal på plass for å skape ei god ramme for interaktiv formidling for ulike brukargrupper. Saman med byggherre og entreprenør trur eg vi skal finne gode løysingar for dette.

Gasta Design