Sogn Sparebank finansierer buss frå sørsida
Elevar i kommunane Aurland, Årdal, Lærdal og Vik er sikra busstransport til og frå ViteMeir dei neste tre skuleåra takka vera Sogn Sparebank, som blir ein tydeleg ViteMeir-partnar
Tidlegare i mai møtte Sogn Sparebank og ViteMeir representantar frå oppvekstsektoren i Aurland, Lærdal og Vik (Årdal vart forhindra frå å møte). Banksjef Mads Indrehus og leiar for marknad og kommunikasjon Ragnhild Skahjem Tofastrud kunne stolt fortelja at dei finansierer minimum 35 busstransportar for kommunane.
- Våre ambisjonar som lokalbank er å bidra til utvikling og vekst i Sogn, og me ser på ViteMeir som eit framtidsretta tiltak for regionen vår. Med denne avtalen sørger me trygg busstransport for skule- og barnehageborna våre, og sikrar at alle elevane får høve til å besøke senteret, fortel banksjef Mads Indrehus.
- Me gler oss til ViteMeir opnar og me både skal og vil vite meir om det meste, fortel oppvekstsjef i Lærdal kommune, Camilla Grøttebø.
Sogn Sparebank finansierer i tillegg kr. 250.000 av ViteMeir sin installasjon om forbruk og personleg økonomi. Dette gjer at lokalbanken blir ein av dei største partnarane til vitensenteret.
- Det er utruleg viktig at barn og unge har eit bevisst forhold til forvaltning av eigne midlar, og me som lokalbank tek vår del av dette ansvaret til dømes gjennom å bidra til både finansiering og utvikling av denne installasjonen, seier leiar for marknad og kommunikasjon, Ragnhild Skahjem Tofastrud.
- Det har vore ein draum å forhandla med Sogn Sparebank og eg ser fram til eit fruktbart samarbeid dei komande år. Mads og Ragnhild syner sterk tru på ViteMeir noko som gledar meg og laget mitt stort, fortel dagleg leiar Erlend Fardal Lunde.