Byggeplass og heisekran for born
Åsen & Øvrelid går saman med Byggopp inn med midlar til finansiering og bygging av ein byggeplass for born på ViteMeir
Totalentreprenør på ViteMeir-bygget, Åsen & Øvrelid, er stolt av byggeprosjektet på Kaupanger og ønskjer at deira firma og fag skal synast att òg etter att vitensenteret er opna. Åsen & Øvrelid har difor signert ein partnaravtale til verdi av kr. 300.000 med ViteMeir.
- ViteMeir er eit signalprosjekt som me er glade for å bidra til at får ein byggeplass som skapar interesse for våre fagområde, seier Finn Ove Øen, dagleg leiar i Åsen & Øvrelid AS.
Opplæringskontoret for bygg- og anleggsteknikk, Byggopp, gir ei pengegåve frå rekrutteringsfondet på kr. 500.000 til ViteMeir for å finansiere byggeplass og heisekran.
- Me ser fram til å styrke byggenæringa gjennom å delta på finansieringa av ViteMeir sin byggeplassinstallasjon. Me ser fram til at ViteMeir kjem opp og gå fra hausten av, seier Håkon Svoen i Byggopp Vestland.
Byggeplassen til ViteMeir er inspirert av andre vitensenter, men er teikna lokalt av Byggmeister Tore Hovland etter formidlingsleiar Åse Neraas sine spesifikke ønskjer. Åsen & Øvrelid har fått oppdraget med å byggja installasjonen som skal stå klar til opning 11. november.
- Eg gler meg til å sjå ungar leika seg i Byggeplassen med heisekran, gule vestar og hjelm. Eg ser ikkje vekk i frå at enkelte fedre og mødre stiller opp som ivrig handlangar heller, fortel ein entusiastisk formidlingsleiar.