Serit Fjordane IT blir partnar og IT-leverandør
Serit Fjordane IT skal levere VR-briller og PC-klassesett til ViteMeir. Dei neste tre åra blir dei partnar til ein årleg verdi av kr. 30.000
- Me i Serit Fjordane IT er stolt av å kunne kalle oss partner til ViteMeir. Dei skissene og planane som vart presentert til oss, gjer oss begeistra for teknologiframtida. Me ser at på ViteMeir vil me få vårt første møte med både framtidige tilsette og kundar, seier Dagmunn Fauske, dagleg leiar i Serit Fjordane IT.
Serit Fjordane IT har tre kontor i Vestland, og er den største IT-leverandøren i sin region. Sidan oppstarten i 1998 har dei levert tenester med høg stabilitet, yting og tryggleik. Gjennom lokalt nærvær i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn er dei ein naturleg leverandør og partnar for ViteMeir.
- Me har samarbeida med Serit Fjordane IT sidan starten av dette året og er imponert over den service og kvalitet dei syner i alle ledd, seier Erlend Fardal Lunde, dagleg leiar i ViteMeir.
Serit Fjordane IT er leverandør av klassesett på 30 PC og iPad som ViteMeir skal nytte i formidling til skule og barnehage både på vitensenteret og gjennom ViteMeir på hjul. Formidlingsleiar Åse Neraas er godt nøgd med å ha ein solid IT-leverandør i ryggen når kvalitet er første prioritet i leveransen:
- Me kjem til å ta i bruk klassesetta på SommarViten som vert gjennomført i kommunane Sogndal, Luster, Aurland og Årdal i juni og august, fortel ho.
Serit Fjordane IT ønskjer ViteMeir lukke til og gler seg til å følgje prosessen fram mot opning, og ikkje minst til å besøka vitensenteret når det opnar i november.
- Startskotet på ei teknologisk framtid vil for mange ungdommar starte på ViteMeir. Vår bransje er ein bransje som er eksponert for raske endringar og er i stadig utvikling. Det er viktig at barn og unge kjem tidleg i gang med teknologi brukt i undervisning og at dei raskt lærer seg å fange opp utviklinga og sjå nye moglegheiter som føl med endringane, avsluttar Fauske.