Fylkestinget vedtok stort investeringstilskot

2.3.png

Fylkestinget i Vestland fylkeskommune vedtok onsdag 10. mars tilskot på kr. 5.050.000 til ViteMeir

Eit samrøystes fylkesting vedtok denne veka å løyve rett i overkant av 5 millionar kroner i investeringsstøtte til utvikling av utstlling og realisering av ViteMeir.

- Me er utruleg glade for at fylkeskommunen ,som vår største eigar, vedtek tilskot på eit viktig tidspunkt i prosessen og at me fekk tilslag på fullt beløp, seier dagleg leiar Erlend Fardal Lunde.

Fylkestinget sette to strekar under svaret knytt til vitensenter då dei òg løyvde 6 millionar kroner til VilVite i Bergen.

- Me har hatt god dialog med politikarane i nær sagt alle parti for å få dette tilskotet på plass. Det er godt å sjå at me har breid tverrpolitisk støtte og at vedtaket vart samrøystes, avsluttar Lunde.

Saka har vore omtalt i lokalmedia:

Sogn Avis: https://www.sognavis.no/nye-millionar-til-vitemeir-heilt-enormt-i-dag-mista-me-litt-fokus-ei-stund/s/5-115-598258

Porten.no: https://www.porten.no/artiklar/far-fem-millionar-fra-fylkeskommunen-eit-kvantesteg-naerare-a-realisere-prosjektet/507792

Guest User