Snart påmeldingsfrist til Super:bit-kampen 2022

Super:bit-kampen er ein programmeringskonkurranse i regi av vitensentra, NRK Super og Lær Kidsa Koding.

Kart lag må bestå av to-tre barn i alderen 10-13 år (5.-7. trinn), og ein vaksen kontaktperson. Kvar skule eller kodeklubb kan kun melde på eit lag til finalerunden. Siste frist for påmelding er 18. februar.

Konkurransen er delt opp i fire deler:

  1. Kvalifiseringsrunde

    • Bygg og pimp den kulaste Bit:Bot-bilen de klarar. Her må ein tenka kreativt!

    • Få Bit:Bot-bilen til å køyra ved å bruka ein micro:bit som fjernkontroll (radiostyring).

    • Lag deretter ei hinderløype som Bit:Bot-bilen skal køyra gjennom.

  2. Delfinale laurdag 19. mars

  3. Gullfinale 2.-13. mai

  4. MGPjr-finalen vinnarlaget blir invitert til Trondheim 28. mai for å vera med på MGPjr-finalen.

Heile oppgåva skal filmast og sendast inn som éin video på maks eit minutt. Når videoen er sendt inn, er de automatisk påmeldt.

Meld deg på her og lukke til!

Heidi Breili Bøthun