Advokatfirmaet Tollefsen blir partnar
Advokatfirmaet Tollefsen signerer 3-årig partnaravtale med ViteMeir frå 2021
- Me er svært positive til at det blir etablert Vite Meir-senter i Sogndal. Advokatkontoret vårt er ei kunnskapsbedrift med 13 tilsette, og vi syns det er viktig å støtte det lokale initiativet som heilt klart vil gje inspirasjon og ein stor meirverdi for Sogn. Vi gledar oss stort til opninga, seier Arvid Mellingen i Advokatfirmaet Tollefsen.
Advokatfirmaet Tollefsen har signert ein avtale med ViteMeir som strekk seg over tre år frå 2021 til 2023. Tollefsen bidreg i perioden med eit sponsorat på kr. 30.000 årleg.
- Me er godt nøgde med at Advokatkontoret Tollefsen ser verdien av å gå inn som ViteMeir-partnar. For oss er det eit viktig poeng å tilknytta oss partnarar i ulike bransjar og med ulik kompetanse. Me gler oss til samarbeidet, seier Erlend Fardal Lunde, Marknadssjef for ViteMeir.
Advokatfirmaet Tollefsen starta i 1990 som eit advokatfellesskap med tre frittståande advokatar. I dag har firmaet 13 tilsette med lang erfaring frå ei rekke bransjar og rettsområde. Deira advokatar har variert kompetanse og tilbyr god fagleg kvalitet og lokalkunnskap. Dette gjer dei godt i stand til å handtere store og krevjande oppdrag, og finne dei beste løysingane for sine kundar. Næringslivet i regionen er inne i ei spennande utvikling, og med kontor både i Sogndal og i Førde gjer dette Advokatfirmaet Tollefsen sterkare i oppgåveløysinga for klientar i heile fylket.