Azets blir ViteMeir-partnar

IMG_1750.jpg

ViteMeir har i Azets fått med seg ein leiande aktør i Norden innanfor rekneskap, lønn og HR.

Avdelingsleiar for Azets i Sogndal, Tony Borlaug, er spent på eit samarbeid han trur kan oppnå nye moglegheiter for si bedrift og seier i ein kommentar:

- Me ser at eit samarbeid med ViteMeir kan gi moglegheiter til å spre vår kunnskap og innovative tenking. Azets har stort fokus på innovasjon, automatisering, robotisering og effektivisering av prosesser. Med det meiner me programvare, EDI og IT-rådgjeving som effektiviserer verksemder med brukarvenlege løsyingar gir deg rask tilgang til alt du trenger.

ViteMeir har den siste tida jobba med utvikling av temasona “forbruk og personleg økonomi” der Azets har bidrege både med sponsormidlar og kompetanse. Avtalen mellom Azets og ViteMeir strekk seg over tre år frå 2021 - 2023 og inneheld eingongsbistand til temasona og årleg sponsorbidrag.

- Azets er eit selskap som gir oss aukt kompetanse internt, samstundes som dei styrkar vår formidlingsevne innanfor personleg økonomi. Dei ligg langt framme på effektivisering og teknologisk utvikling i sin bransje og er difor den naturlege partnaren for oss, seier dagleg leiar Erlend Fardal Lunde.

Partnarskapet er strategisk viktig for ViteMeir som no har aktørar innanfor mange sektorar i næringslivet. - Dette syner at ViteMeir er ein attraktiv partnar for alle sektorar i næringslivet og me er naturleg nok stolte over at Azets prioriterer oss lokalt, avsluttar Lunde

For meir informasjon ta kontakt med:

Tony Borlaug +47 911 96 049
Erlend Fardal Lunde +47 464 28 741

*Azets er rekneskapsførar for Vitensenteret i Sogn og Fjordane AS.

Guest User