ViteMeir og Nagelld inngår partnarskap

nagelld-vitemeir.jpg

ViteMeir og Nagelld inngår fleirårig partnarskap rundt det digitale og virtuelle innhaldet på vitensenteret

Nagelld er spesialistar i digital visuell presentasjon og har levert på alle typar teknologiske plattformar som VR/AR, interaktive presentasjonar, animasjon og visualisering. Dei er medlem av NCE Media ved Media City Bergen og har eit stort internasjonalt nettverk.

- Produksjon av digital innhald vil skje ved hovudkontoret til Nagelld i Bergen, men me vil òg ha eit lokalt kontor i innovasjonslaben på vitensenteret for å kunne arbeida tett med ViteMeir og lokalt næringsliv i tiden framover, seier Helge Bjordal styreleiar i Nagelld.

Dagleg leiar i ViteMeir, Erlend Fardal Lunde, er glad for å få med seg ein erfaren, framtidsretta og visjonær leverandør som Nagelld:

- Den virtuelle verda er fascinerande, og når me skal by på opplevingar som anten er umoglege eller for vågale i den verklege verda må me ha med oss ein leverandør og partnar som har spisskompetanse på området.

Nagelld blir no både leverandør og sponsor i partnarnettverket. Saman med ViteMeir skal Nagelld skapa eit miljø både for gründerhjelp og for å laga eit virtuelt visningssenter som òg næringslivet kan nytta for å testa nye måtar å presentera produkt og tenester. I samarbeid skal dei to aktørane utvikla ei heilt ny visuell oppleving når vitensenteret opnar til hausten.

ViteMeir vil bidra tii å skapa bru mellom akademia og næringslivet i regionen, noko dei no òg kan gjera gjennom virtuelle hjelpemiddel. ViteMeir og Nagelld er klare til å gå vidare i dialog med lokalt og regionalt næringsliv for å utvikla opplevingar og møteplassar.

- I våre møter med næringslivet kjem VR ofte på bordet. Me trur difor næringa vil ha nytte og gleda av og bidra på den virutelle utviklinga. Lokalt næringsliv kan setja sitt preg på ei unik oppleving som blir eit av våre “reason to go”. Me trur òg at Nagelld vil vera eit friskt pust og ein sterk bidragsytar i miljøet som skal skapast rundt innovasjonslaben vår, seier Lunde.

Fokus framover ligg på utvikling av ei spektakulær virtuell oppleving som skal gi både sug i magen og mykje læring. Eksakt kva du kan oppleva i den virtuelle verda på ViteMeir frå hausten vil ikkje Lunde gå inn på:

- Me må halda korta litt tett til brystet, alle er glad i ei god overrasking og me har tru på at denne opplevinga vil ha høg wow-faktor for ViteMeir og regionen.

Følg med!

Kontaktpersonar:
Erlend Fardal Lunde, dagleg leiar ViteMeir, +47 464 28 741
Helge Bjordal, styreleiar Nagelld, +47 934 49 798

Guest User