Åse Neraas tilsett som formidlingsleiar
Åse Neraas er no studentrekrutteringsansvarleg ved Høgskulen på Vestlandet, busett på Kaupanger, og kjend for mange som fotballspelar for Kaupanger og Molde.
Ho startar i jobben 1. juni. Innan den tid er også bygginga på tomta i Kaupanger starta. Opning av ViteMeir-senteret skal etter planen skje neste haust.
– Eg fekk draumejobben på høgskulen då eg var nyutdanna, men eg har alltid ønska eg hadde to liv, for eg ville så gjerne få bruka lærarutdanninga mi også. I denne stillinga får eg gjort det i tillegg, seier Neraas.
Konkurransemenneske
Det blir travle tider, og måla for senterdrifta er sett høgt.
– Eg er eit konkurransemenneske, og det kjem nok godt med når me skal strekkja oss mot 40.000 besøkjande i året, seier Neraas.
Ho gler seg til ein variert jobb.
– I første fasen skal eg både arbeida med finansiering, utforming av installasjonar og det pedagogiske tilbodet me vil gje.
Me skal tilby opplegg tilpassa fagfornyinga som skal innførast i skuleverket no, seier ho. I tillegg til skuleelevar er også barnehagar, familiar, turistar og næringslivet målgrupper. Når senteret opnar, vil Neraas arbeida også i direkte møte med dei besøkjande.
– Seinare vil eg nok møta folk og driva formidling, i tillegg til å leia gruppa av formidlarar som skal tilsetjast, fortel ho.
Energisk dame
Dagleg leiar Marianne Jevnaker ved ViteMeir er svært nøgd. Dei kunna velja mellom 21 søkjarar. Det var viktig å finna ein person med pedagogisk bakgrunn.
– Åse er ei energisk dame som me er særs glade for å ha fått med på laget, seier ho. Ho er utdanna faglærar, men har i tillegg leiarerfaring frå HVL. Me er veldig nøgde med at ho også har arbeidd med nettverksbygging og arrangement, både i arbeidslivet og i organisasjonar.