Vi gler oss til 2020!
2019 har vore eit innhaldsrikt år for ViteMeir, og prosjektgruppa vil nytte høve til å takke alle som har bidrege til å stimulere prosjektet! ViteMeir er eit prosjekt for heile regionen – ikkje minst for vår framtidige generasjon. Senteret skal stimulere til realfaginteresse, og vil vere ein viktig katalysator for rekruttering, kompetansebygging og samarbeid mellom private og offentlege aktørar.
Viktige milepælar i 2019:
- Vertskommunen Nye Sogndal kommune, Luster, Årdal, Aurland og Lærdal har teikna 3-årige rammeavtalar med ViteMeir om aktiv skulebruk av senteret frå 2021.
- Fylkeskommunen har teikna 3-årig rammeavtale med bruk for alle vidaregåande skular i Sogn og Fjordane.
- Sparebankstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane og Gjensidigestiftelsen har gjeve høvesvis 2 mill. og 1. mill i gåver til innhaldsutvikling.
- Sogndal kommune og Fylkeskommunen har gjeve høvesvis 3 mill. og 2 mill. i stønad til innhaldsutvikling.
- Mange verksemder har teikna sponsoravtalar – og gjeve gåver til innhaldsutvikling.
- Fylkeskommunen har vedteke bygging på Kaupanger med ei kostnadsramme på 140 mill.
- Vitenstyret i Norsk Forskningsråd har i desember gitt positiv tilråding til å ta opp ViteMeir i den nasjonale ordninga for regionale vitensenter. Dette gjev grunnlag for å få løyvd midlar til statleg driftsfinansiering.
- Det er jobba godt med innhaldsutviklinga med god hjelp av Høgskulen på Vestlandet og andre ressursar.
- Opning av senteret er planlagt sommaren 2021.
Kva er ViteMeir?
ViteMeir skal inspirere barn og vaksne til å utforske og søke ny kunnskap, og skal samarbeide med skuleverket om å utvikle kunnskap som samfunnet og næringslivet treng i framtida.
Målgruppene for ViteMeir er i hovudsak barnehagar, skular og alle andre som ønskjer seg meir realfagkompetanse.
Det er 12 regionale Vitensenter i Noreg – vi har mål om å bli nr 13. Det var særs gledeleg å motta tilbakemelding frå VITENstyret i Norsk Forskningsråd som tidleg i desember gav positiv tilråding til å ta opp ViteMeir i den nasjonale ordninga for regionale vitensenter. Regionale vitensenter vert finansiert gjennom eit spleiselag med staten, skuleeigarane, næringsliv og fritidsmarknaden.
Bygget på Kaupanger, som ViteMeir vert ein del av, skal romme eit moderne vitensenter som har mål om 40.000 besøkande årleg, og skal vere ein møteplass for næringslivet. I tillegg vert det ein ny skule for Sogndal VGS med studielinjene yrkessjåfør, anleggsmaskin, transport og logistikk.
Har du spørsmål eller innspel til oss? Ta gjerne kontakt med oss. Følg oss på Facebook sida vår!