Utstillingar med unikt innhald

3D profilbilde Ark 4b bygg.jpg

Arbeidet med ein masterplan for utstillingane ved ViteMeir er avslutta. Prosjektleiar Marianne Jevnaker i ViteMeir er nøgd med utvikling og ser fram til senteret og videre utvikling av konkret installasjonar saman med sponsor, fagfolk og utstillingsarkitektar.


Unikt konsept - ViteMeir - frå 1303 muh til 2469 moh

Med plasseringa på Kaupanger vil ViteMeir liggje i ein av dei mest varierte regionane i  verda. Få stader er det så kort veg mellom ulike natursystem som hav,
kyst, fjord, skog, fjell og vidde. Konseptet «Vitemeir - frå 1303 muh til 2469 moh» spelar på desse unike 3772 høgdemeterane.

- Dette vert ei reise over tre etasjar i geologi, biologi og ulike økosystem der dei besøkande vert utfordra til å reflektere over berekraftig utvikling både på lokalt, nasjonalt og globalt nivå, seier Marianne Jevnaker. Ho poengterer at konseptet dannar eit fleksibelt grunnlag for utvikling av formidling og den videre utbygginga av ViteMeir som eit dynamisk vitensenter.

Vi ønskjer å få vist fram dei unike ressursane i regionen og korleis industrien og næringslivet i Sogn og Fjordane forvaltar desse basert på både «gamal» og ny teknologi.

Takkar Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
Vitensenteret har eit fagleg samarbeid med Høgskulen på Vestlandet om innhaldet i utstillingane. Fleire fagmiljø har vore engasjerte i utarbeiding av ideskisser.

- Basert på dette produktet har vi fått på plass en masterplan saman med utstillingsarkitektar frå Sixsides. No går startskotet for further arbeid der ideane skal omsetjast i konkrete installasjonar. Allereie til hausten må dei første installasjonane setjast i produksjon skal vi nå opninga i 2021, fortel Marianne Jevnaker.

Det er takka vere gåva på 2 millionar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane at vi har fått utarbeida denne masterplanen og no ligg godt an i løypa for å nå dette. Desse pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, som vert forvalta av Sparebankstiftinga. Vi har ambisjonar om 15 millionar gåver til innhald ved senteret. Då er det avgjerande at nokre aktørar går føre slik som Sparebankstiftinga har gjort.

Bygget på Kaupanger
Vitensenteret har sammen med den andre brukaren av bygget på Kaupanger, Sogndal vidaregåande skule, linje for transport og logistikk, delteke i ein snart avslutta samspelsfase med Vestland fylkeskommune (byggherre), Åsen & Øvrelid (entreprenør), Arkitektkontoret 4b og andre underleverandørar .

- Vi opplever at dette har vore ein konstruktiv prosess der vi som brukar har fått medverke til at bygget vert forma med omsyn til dei kommande utstillingane, seier Marianne Jevnaker.

Oppstart av byggeprosjektet skjer våren 2020, og planlagt opning av senteret er sommaren 2021.

Gasta Design