Jobb på ViteMeir

Ønskjer du å jobbe med oss i ViteMeir? Send oss gjerne ein open søknad og CV til jobb@vitemeir.no - eller sjå ledige stillingar under:

 

Ledige stillingar

 
 

Me søkjer etter kokk til SmakeMeir

Er du lidenskapeleg oppteken av mat? Er du klar for ein variert og innhaldsrik arbeidskvardag i eit spennande og triveleg arbeidsmiljø?

Me søkjer etter ein kokk med fagbrev eller brei erfaring frå matbransjen. Du må gjerne vere sosial, kreativ og nysgjerrig, men viktigast av alt er at du er den rette personen som vil vere med og utvikle gode matopplevingar for gjestane våre.

Les meir her.